– SEI NEI: Siri Benjaminsen ber politikarane seier nei til utbygging i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
– SEI NEI: Siri Benjaminsen ber politikarane seier nei til utbygging i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ho ber politikarane halde på Hydroparken

– Me har lite å byggje ut på her i Årdal, så då er det endå viktigare at me tek vare på den me har igjen av grønstruktur. 

Årdal: Det seier Siri Benjaminsen som tek til motmæle mot utbyggjinga av Hydroparken i Øvre Årdal. Tysdag kjem saka opp på bordet til formannskapet i Årdal, men ei endeleg avgjerd får ein først når kommunestyret skal handsame saka seinare denne månaden.

Benjaminsen har gitt eit høyringsinnspel til planane Handelsbygg har for parken, som inneberer eit næringsbygg for to-tre aktørar, der Europris er ein av dei. Ho frårådar på det sterkaste ei utbyggjing.

Momenta er blitt lytta til i saksutgreiinga, der det står at «kommunen motteke supplerande informasjon som klart peikar i retning av at området sin verdi i høve nærmiljø og friluftsliv er høgre en det som kjem fram av planskildringa.»

– Eg har budd i Årdal i 30 år og ønskjer at årdalssamfunnet skal bli ein attraktiv stad å bu. Då er det viktig at ein driv arealplanlegging på rett måte, seier ho til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

EI GÅVE: – Hydro gav dette som ei gåve til samfunnet, og så tek dei på ein måte den gåva tilbake og tillet at det vert etablert ei verksemd der som eg ikkje ser på som like positivt som å anlegge ein park for ålmenta, seier Benjaminsen.
EI GÅVE: – Hydro gav dette som ei gåve til samfunnet, og så tek dei på ein måte den gåva tilbake og tillet at det vert etablert ei verksemd der som eg ikkje ser på som like positivt som å anlegge ein park for ålmenta, seier Benjaminsen.

– Det var ein klar målsetnad om at dette skulle vere ein park for ålmenta. Hydro gav dette som ei gåve til samfunnet, og så tek dei på ein måte den gåva tilbake og tillet at det vert etablert ei verksemd der som eg ikkje ser på som like positivt som å anlegge ein park for ålmenta. For meg er dette ein underleg måte å drive arealplanlegging i Årdal kommune.

– Ikkje nok med akebakke

I det seks sider lange innspelet peikar ho på at planane strir med opphavleg reguleringsplan til Hydro i tillegg til den langsiktige kommuneplanen. 

– Dette er regulert som LNF-område (landbruks-, natur-, og friluftsområde red. anm.), som eigentleg er ein ganske sterk arealbruk som seier at området skal vere grøntområde også i framtida, held ho fram og meiner ein ikkje berre kan vedta eit planverktøy og snu opp ned på det neste dag. 

– I sentrale strok ser ein at ein lagar bustadområde som har grønstruktur, men her gjer me motsett. Kven vil flytta til Årdal utan grønstruktur, fritidstilbod og sentrale parkområde til fysisk aktivitet og leik for barn og unge? Det er difor me har rikspolitiske retningslinjer for å hindre slikt, der område som barn brukar skal erstattast viss ein byggjer ut, men ein akebakke og klatrepark er ikkje erstatning.

– Kva med naturen som omgir Årdal?

– Eg er samd i at Årdal er fantastisk fordi me har eit landskap rundt oss me kan bruke. Det er noko anna en aktivitet i nærmiljøet. Då er det andre brukargrupper som ikkje har så stor aksjonsradius. 

INGEN PLAN: Verkssjef Wenche Eldegard seier Hydro ikkje har nokre planar for parken.
INGEN PLAN: Verkssjef Wenche Eldegard seier Hydro ikkje har nokre planar for parken.

Ingen planar for parken

Det foreligg planar for Hydroparken som ikkje er realiserte, mellom anna med ei spesiell lyssetjing. Tidlegare verkssjef, Egil Fredriksen, uttalte til Porten.no i oktober i fjor at desse planane kom ikkje til å bli realiserte. Det har ikkje endra seg det siste året, ifølgje Wenche Eldegard, som tok over stillinga i mai.

– Det foreligg ingen konkrete planar for denne parken i strategiperioden vår som går på fem år, seier ho og legg til at ho elles ikkje vil kommentere saka.

– Me er ikkje ein part i saka. Me har stilt parken til disposisjon, og så er det opp til politikarane å avgjere. 

Handel viktig for Årdal

Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, meiner Benjaminsen argumenterer som at prosjektet i Hydroparken kjem til å bli realisert.

– Dette prosjektet var ein framtidsdraum ingen ville vera med på. Viss det hadde blitt realisert, ville dette sikkert stilt seg annleis, men det ville framleis ikkje vore ein leikeplass for ungar. Det var ikkje det som skulle realiserast. Det var greie planar, men ingen som ville ta på seg kostnaden, seier han.

ATTRAKTIVITET: Terje Laberg meiner handel er vel så viktig for å gjere Årdal til ein attraktiv stad å bu.
ATTRAKTIVITET: Terje Laberg meiner handel er vel så viktig for å gjere Årdal til ein attraktiv stad å bu.

Han meiner handelen er vel så viktig for at det skal vere attraktivt å bu i Årdal. 

– Årdal er eit såpass stort samfunn at me må ha eit minimum av tilbod innanfor ulike bransjar. Nye handelstilbod som me ikkje har frå før, er viktig. Det minkar handelslekkasjen og gir arbeidsplassar, ikkje minst kvinnelege arbeidsplassar, som Årdal treng, argumenterer han og legg til at det vil vere veldig alvorleg for Årdal dersom ein ikkje får på plass eit næringsbilete som stimulerer til vekst.

Tenkjer på framtida

Men Benjaminsen er klar på at ein burde tenkje på framtidige generasjonar før ein byggjer ned eit grøntområde.

– Eg er også oppteken av å få arbeidsplassar, men her må politikarane styre i ei retning me ønskjer. Det er alternative tomter. Kanskje ein kan få både Europris og Hydroparken, noko som ville vore vinn-vinn for alle. 

Tilrådinga frå administrasjonen er at politikarane seier ja til omreguleringa, men med krav om at trafikale tilhøve vert ordna, og at erstatning i form av akebakke og klatrepark kjem på plass. 

Til toppen