Lærdal: – Ho er superlokal, ho spelar eigenkomponert musikk og den fantastiske stemma hennar gav oss gåsehud då ho var med på Jordeplerock sist, seier marknadssjef Torgeir Skjerdal i Jordeplerock.
I dag vart det kjent at Frida Hunshammer (19) blir ein av to lokale artistar som skal spela på Jordeplerock i Lærdal i sommar.
Første store konsert med eigne låtar
Sist ho var med for to år sidan ho vokalist i bandet System of Six. No skal ho fronta den same gruppa, men med sitt eige namn og låtar. Skjerdal seier dei bestemte seg for å booka Frida på nytt etter deltakinga i TV 2-programmet The Voice i haust.
– Eg fekk ikkje følgt med på det sjølv, men eg fekk med at ho gjorde det veldig bra, trass i at ho rauk ut av duellane. Då tenkte eg at me berre er nøydde til å få ho tilbake, for me vil høyra korleis ho har utvikla seg, seier Skjerdal.
Artisten sjølv gler seg ikkje noko mindre til gjensynet med festivalpublikummet i Lærdal

– Det blir veldig kjekt. Det er første gang eg spelar eigne låtar på ei så stor scene, så det blir spesielt òg, seier Hundshammer.
Slepp første singel i mars
Hundshammer seier dei gamle bandkollegaane ikkje har noko imot å hamna litt i skyggen, når ho no satsar på ei eiga karriera.
– Dei støttar meg veldig i det, og eg trur dei berre synst det er kjekt å spela med meg, seier Hundshammer.
I løpet av mars skal ho sleppa sin første singel. Ønsket er å satsa på musikken, men Hudshammer prøver samstundes å ikkje ha for store forhåpningar. Det er eit trangt nålauge for dei som ønskjer å lukkast i musikkbransjen.
– Eg tenkjer tida får visa kva som skjer. Eg vil ikkje ha for høge ambisjonar, slik at eg ikkje blir skuffa, seier ho.
Marknadssjefen i Jordeplerock er derimot ikkje i tvil om potensialet.
– Det er ein artist som ønskjer å få gjennombrotet, og det trur eg ho kjem til å greia. Den stemma hennar er berre heilt enorm, seier Skjerdal.