FABRIKKSJEF: Inghild Lysne Sanden frå Lærdal er tilsett som ny fabrikksjef ved Nortura i Sogndal. 29-åringen startar i jobben 1. september. Foto: Nortura.
FABRIKKSJEF: Inghild Lysne Sanden frå Lærdal er tilsett som ny fabrikksjef ved Nortura i Sogndal. 29-åringen startar i jobben 1. september. Foto: Nortura.

Ho blir ny fabrikksjef for Nortura

Inghild Lysne Sanden (29) frå Lærdal er tilsett som ny fabrikksjef hjå Nortura i Sogndal.

Sogndal: 29-åringen skal etter planen tiltre i stillinga 1. september. Lysne Sanden er fødd og oppvaksen i Lærdal, men flytta ut for å studere og jobba.

Lærdalskvinna er utdanna master i industriell økonomi frå UMB på Ås og jobbar i dag som prosjektleiar med ansvar for vareforsyning hjå Orkla Foods.

GLER SEG: Lysne Sanden seier ho gler seg til å flytte heim til Sogn og byrje i ny jobb. Presse
GLER SEG: Lysne Sanden seier ho gler seg til å flytte heim til Sogn og byrje i ny jobb. Presse

– Denne jobben var det perfekte høvet for meg til å ta med meg familien og flytte tilbake til Sogn. Nortura er ein spennande arbeidsplass og viktig samfunnsbyggjar for Noreg, og eg gler meg veldig til å ta fatt, seier ho.

– No treng me berre ein barnehageplass og ein jobb til mannen min, så er alt på plass.

Sogn og Fjordane er eit fylke som jobbar hardt for å få unge til å etablere seg i regionen. 

– Det blir veldig bra. Dette har eg og mannen min gleda oss til, og det har heile tida vore planen på sikt å flytte tilbake. Det blir rart å flytte frå alt i Oslo, men det blir godt å koma heim til fjord og fjell, seier Lysne Sanden. 

Etter mange år i Orkla bak seg, har Sanden jobba som produksjonssjef, fungerande fabrikksjef (Stabburet/Gimsøy Kloster) og som trainee. Ho har jobba med vareforsyning, innkjøp, emballasjeutvikling og varestraum og fabrikkstruktur.

– Inghild er ung, kompetent og framoverlent. Me føler oss sikre på at ho vil vere eit godt og viktig tilskot til både Nortura Sogndal og til vårt team av fabrikksjefar i Nortura. Me må sikra eit mangfald både i alder og kjønn når me rekrutterer framtidas leiarar, seier direktør for foredlingsfabrikkane Kristian Skjauff. 

Fram til Lysne Sanden startar i den nye jobben vil avdelingsleiar for produksjon, Unn Sjøthun Uglane, halde fram som konstituert fabr

Til toppen