Leikanger: Fram til nyleg låg bileta uframkalla i ein filmrull. Dei vart tekne i 2002, rett etter gravferda til bestefaren, men før arveooppgjeret. Huset var dermed intakt. Tomt for folk, men akkurat som det hadde vore då bestefaren budde her.

– Sidan har bileta blitt meir og meir verdifulle for meg. Eg hadde ikkje visst så mykje om livet som vart levd der, viss eg ikkje hadde dokumentert det, seier Eli Haugen Sandnes, som flytta til Sogndal året før ho byrja på skulen og flytta igjen året etter å ha fullført vidaregåande.
Stor kjærleik i små detaljar
Boka er ei fortelling om ei anna tid. Om møblar du ikkje får kjøpt lenger, hobbyar folk stort sett har slutta med og ferger som ikkje går lenger. Om eit liv som stort sett vart levd heime på eigedomen og ikkje ute blant folk og på kafear, slik barnebarnet gjerne tilbringer tida.
– Dei hadde eit veldig anna liv enn det eg lever, seier Haugen Sandnes.
På eit vis er det òg ei fortelling om kjærleik. Bestemora vart dement og flytta tidleg på sjukeheim, omtrent ti år før bestefaren døydde. Men biletet ho hadde hengande av han over senga fekk vera i fred, sjølv etter at bestefaren var åleine i huset. Fem år seinare hang det på same plass.
– I slike detaljar kan du sjå at dei har brydd seg om kvarandre, seier Haugen Sandnes.
Biletet av bestefaren i glas over ramme over nattbordet til bestemora fekk pryda omslaget på boka, i allefall eit lite utsnitt av det.

Personlege minner folk kan kjenna seg att i
Først var boka tenkt som gåve til slekta, men då ho byrja å visa dei fram til andre merka ho at dei òg kunne relatera til bileta.
– Fleire har sagt at det er akkurat som om eg har teke bilete av huset til deira besteforeldre, seier Haugen Sandnes.

Før ho gav ut bileta i ei bok spurte ho familien sin om det var greitt, noko det var. Mellom anna fekk søstra til bestefaren, som no er 97 år gamal, boka i posten. Ho skreiv eit brev tilbake og takka for at ho hadde tatt bilete av tinga dei hadde.
– Medan eg kanskje tenkte at eg tok bilete av tomheita, det som ikkje var der lenger, seier Haugen Sandnes.
Boka om huset til besteforeldra er ei av tre ho gir ut i haust. Dei blir alle publiserte på eige forlag og før helga var det lansering.
– Det var veldig hyggeleg. Eg hadde grua meg og angra dagen før på at eg hadde stelt det i stand. Men det kom fleire enn eg hadde trudd, både familie, venner og kjente og eg fekk blomster mange kjekke tilbakemeldingar, seier Haugen Sandnes.

