STOLT: Ruth Laberg kunne stolt motta blomster og diplom som viser at ho er årets årdøl i 2018.
STOLT: Ruth Laberg kunne stolt motta blomster og diplom som viser at ho er årets årdøl i 2018. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ho er årets årdøl

Ruth Laberg fekk prisen for innsatsen i idretten gjennom ei årrekke.

Årdal: – Det er utruleg stort, og nesten litt flautt, fordi det er så mange som bidreg kvar einaste dag, sa Ruth Laberg då ho hadde motteke utnemninga årets årdøl.

Prisen vart delt ut ut av ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Olve Fossedal før torsdagens møte i kommunestyret.

Laberg har mange verv i idrettslaget Jotun, og blir omtala som ei som aldri seier nei til ei oppgåve. Ho har vore trenar i meir enn tjue år. Ho er godt likt blant utøvarane, og får alle til å ha det kjekt. 

– Eg tykkjer det er utruleg kjekt å vera trenar. Du blir kjent med ungdomane i bygda på ein heilt annan måte. Det tykkjer eg er verdifullt, seier ho.

 

I det seinare har ho trappa ned trenarrolla, så no er ho trenar «berre» tre gongar i veka. No bidreg ho mest i det administrative. 

– Eg har vore i Jotun heile livet, og har hatt utruleg mange gode opplevingar og med mange eldsjeler rundt meg, seier Laberg.

Til toppen