HEIT KANDIDAT: Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, har søkt på stillinga som fylkesrådmann i Vestland. Foto: Halvor Farsund Storvik.
HEIT KANDIDAT: Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, har søkt på stillinga som fylkesrådmann i Vestland. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ho er blant kandidatane til å bli fylkesrådmann i Vestland

Fylkesmann Anne Karin Hamre frå Sogndal ønskjer å bli ny fylkesrådmann for vestlandsfylket.

Leikanger: Samanslåingsnemnda til Hordaland og Sogn og Fjordane har fått seks søkarar til stillinga som prosjektleiar og framtidig fylkesrådmann i det nye fylket.

Kven av dei seks det blir skal dei avgjera i møte 4. mai.

– Interessa viser at dette er ei attraktiv og viktig stilling, seier Anne-Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland i ei pressemelding.

Her er lista:

  • Karen-Marie Eek-Larsen (57) frå Alversund, assisterande fengselsleiar
  • Thorbjørn Johan Gaarder (63), Oslo, kredittsjef, òg kjent som den ivrigaste jobbsøkaren i Norge.
  • Anne Karin Hamre (53), Sogndal, fylkesmann i Sogn og Fjordane
  • Karl Petter Haugen (49), Strusshamn, underdirektør hos Nasjonal sikkerheitsmyndigheit
  • Rune Haugsdal (58), Eidsvågneset, fylkesrådmann i Hordaland.
  • Tarjei Torvik (25), Bergen, student/arbeidssøkar.

Den som blir tilsett vil få tittelen prosjektleiar, fram til etableringa av den nye fylkeskommunen 1. januar 2020. Då går stillinga over til å vera fylkesrådmann for det nye storfylket.

Til toppen