NYUTDANNA: Trine Kvamme Sætherbø er nyutdanna og fersk kosmetisk dermatologisk sjukepleiar.
NYUTDANNA: Trine Kvamme Sætherbø er nyutdanna og fersk kosmetisk dermatologisk sjukepleiar. (Foto: Linda Watten)

Ho er den fyrste av sitt slag i Indre Sogn: – Eg brenn for dette

Trine Kvamme Sætherbø (23) er ung, nyutdanna og brenn for yrket sitt. No satsar ho i Sogndal.

Luster/Sogndal: Rett etter 23-åringen var ferdig på sjukepleien i Førde gjekk ho rett på vidareutdanning innanfor kosmetisk dermatologisk sjukepleie.

– No er eg nettopp ferdig med året mitt ved Senzie Akademiet i Drammen og kan gjere det eg brenn for, seier Sætherbø.

Har kombinert studietid med familieliv

Ho har sjonglert utdanninga i Drammen med to små ungar og jobb på omsorgssenteret heima i Luster. 

– Det har vore hektisk men no er eg ferdig. Det kjennest nesten uverkeleg ut, smiler den ferske sjukepleiaren. 

Skal jobba på Lux House

No skal ho byrja å jobba som kosmetisk dermatologisk sjukepleiar på skjønnheitssalongen Lux House i Sogndal, saman med blant anna Iselin Solbakken og Mariska Solheim. 

JENTENE PÅ LUX: Mariska Solheim og Iselin Solbakken på Lux House Sogndal ynskjer Trine velkomen med på laget. Foto: Linda Watten

– Me er veldig nøgde med å få Trine med på laget vårt, seier Iselin Solbakken. Helst skulle me hatt ho allereie no for me er fullbooka langt ut i juli. 

Sætherbø ser òg fram til samarbeidet med jentene på Lux House.

– Dei har støtta meg gjennom heile studietida mi og ynskjer meg velkomen med opne armar. Hadde det ikkje vore for dei så hadde eg nok aldri tort å satsa på denne utdanninga, vedgår ho. 

Trur det er behov for behandlingar

Til vanleg bur ho innerst i Lustrafjorden og skal pendla til Sogndal for å hjelpa kundar der.

– Eg trur nok det er eit behov for dei behandlingane eg skal til med for det er ingen kosmetisk sjukepleiar her i indre strøk, seier ho. 

Det fyrste halvåret lærde Sætherbø om dermatologi og læra om hud, medan det andre året fokuserte på det kosmetiske innanfor faget.

– Det var andre halvår at sjukepleien kom inn i biletet for då lærde me behandlingar som berre autoriserte sjukepleiarar kan driva med. 

Ynskjer å hjelpa folk med hudproblem

No skal ho tilby blant anna både laserbehandling, fillers og kjemisk peeling.

– Generelt så brenn eg for å skapa ei forbetring i huda til alle som ynskjer det for eg veit kva problem med huda kan gjera med sjølvkjensla til folk. Huda er viktig og eg vil både forebygga og hjelpa dei som treng det. 

Å ta ein pause før ho gjekk vidare med utdanninga si som sjukepleiar var aldri noko alternativ for Sætherbø. 

– Det var berre å gå rett på. Veldig mange trur eg ikkje brukar utdanninga mi som sjukepleiar når eg no går vidare, men du må jo vera nettopp sjukepleiar for å driva med det eg gjer no. Så har eg moglegheita til å vera "vanleg" sjukepleiar òg viss eg vil det, seier ho. 

Til toppen