NY ROLLE: Brix Longfellow (innfelt) går frå jobben som kommuneoverlege i Høyanger til å bli fungerande fagdirektør i Helse Førde. Foto: arkiv/privat.
NY ROLLE: Brix Longfellow (innfelt) går frå jobben som kommuneoverlege i Høyanger til å bli fungerande fagdirektør i Helse Førde. Foto: arkiv/privat.

Ho er den nye fagdirektøren i Helse Førde

Kristine Brix Longfellow (43) frå Høyanger tek over som fungerande fagdirektør etter Hans Johan Breidablik. 

Det er Trine Hunskår Vingsnes (47) som er tilsett i stillinga, men ho har samstundes fått permisjon i inntil to år. I mellomtida er det altså Kristine Brix Longfellow som har handa på roret.

– Trine Vingsnes er tilsett som fagdirektør, men samstundes er det behov for at ho leiar medisinsk avdeling og bidreg i utviklingsarbeidet i medisinsk klinikk i tida som kjem, seier administrerande direktør Jon Bolstad i ei pressemelding.

Les også: Helse Førde best i vest
Les også: "Elektronisk medisinering" på sjukehusa i fylket

Hans Johan Breidablik har hatt jobben i dryge ti år. Det var åtte søkjarar til den ledige jobben.

Trine Hunskår Vingsnes er i dag avdelingssjef for medisinsk avdeling i Helse Førde. Ho er spesialist i indremedisin og hjartesjukdomar, og har mastergrad i leiing, økonomi og forbetringsarbeid.

Brix Longfellow har sidan 2011 vore kommuneoverlege i Høyanger. Ho var ferdig utdanna lege i København i 2002, og arbeidde der i fire år før ho kom som vikar til Høyanger. Brix Longfellow har også to år bak seg som assisterande fylkeslege. Ho  er i ferd med å fullføre spesialisering i samfunnsmedisin og tek til i Helse Førde rett over nyttår.

–  Eg ser føre meg at jobben som fagdirektør vil vere utruleg spennande og ikkje minst utfordrande. Tenester med høg kvalitet og nøgde pasientar er viktig. Eg vil arbeide for at vi heile tida skal sikre rett hjelp til pasientane, seier Kristine Brix Longfellow i pressemeldinga.

Til toppen