KJEM TIL SOGNDAL: Marion Ravn er ein av fleire kjende artistar som kjem til Sogndal i mars.
KJEM TIL SOGNDAL: Marion Ravn er ein av fleire kjende artistar som kjem til Sogndal i mars. (Foto: Isabel Watson)

Ho er ein av dei som kjem til VEKAO 2018 – her er heile programmet

Donkeyboy, Darude, Lars Vaular, Marion Ravn, Staysman og Lazz, Skambankt, Bernhoft og Hellbillies. I mars vil scena på studenthuset Meieriet vera spekka av store artistar.

Sogndal: I dag offentleggjorde arrangørane bak den store studentfesten heile programmet for VEKAO i mars. Det blir ti dagar med konsertar på kveldane og ein drøss med arrangement på dagtid.

KJEM TIL VEKAO: Lars Vaular er ein av åtte artistar som skal spela på årets VEKAO. Foto: Erik Five Gunnerud. 

Programmet er mildt sagt variert og skulle passa dei fleste.

Donkeyboy er ei hitmaskin frå Drammen, kanskje best kjend for storslageren Ambitions.

Darude er ein finsk DJ som har spelt på klubbar og festivalar verda over. Den største hiten, Sandstorm, er i ferd med å runda 100 millionar visningar på YouTube.

Lars Vaular er bergensrapparen med fire Spellemannsprisar.

Før ho vart soloartist i 2005, rakk Marion Ravn å selja 12 millionar album og singlar verda over i popduoen M2M.

TIL SOGNDAL: Hellbillies består av Aslag Haugen (vokal, gitar) og Lars Haavard Haugen (gitarar, vokal), Arne Sandum (bass), Bjørn Gunnar Sando (trommer, perkusjon) og Lars Chr Narum på tangentar. Pressefoto

Staysman & Lazz har slått seg opp på reinspikka festmusikk. I 2015 vart dei verkeleg kjende då dei deltok i Melodi Grand Prix med låta En godt stekt pizza.

Skambankt er eit hardrockbandet frå Jæren som oppstod i oska etter Kaizers Orchestra. Tidlegare gitarist Terje Winterstø Røthing er no frontfigur og haustar ikkje mindre godord frå kritikarane med si nye gruppe. Til Sogndal kjem dei med nytt album, det første på fire år.

Jarle Bernhoft er multitalentet med den store stemma. Mannen er eit orkester åleine, men tek med seg bandet når han inntek meieriscena. På det nye albumet er han tilbake til rockerøtene der han starta.

Hellbillies treng ingen introduksjon. Evighetsmaskina frå Ål i Hallingdal har spydd ut countryhits sidan nittitalet.

Her er heile programmet til VEKAO 2018:

 Dato  Dagsarrangement  Kveldsarrangement
Torsdag 8.3    Donkeyboy
Fredag 9.3 Crossfit, Guitar Hero  Darude
Laurdag 10.3 Cidersmaking, Lustrabadet m/sjøspretten  Lars Vaular
Sundag 11.3  Multisport  Quiz + VEKAOrådet
Mandag 12.3  Hår og brynkursFIFA-turnering  Marion Ravn
Tirsdag 13.3  Skidagen - Afterski  Staysman og Lazz
Onsdag 14.3  Squashturnering Trivselssentralen  Live hjå VEKAO
Torsdag 15.3  Sjølvforsvarskurs, Muay Thai, Hår og brynkurs  Skambankt
Fredag 16.3  Bingo, Ølsmaking  Bernhoft
Laurdag 17.3  Bordtennis, Mario Kart  Hellbillies
Sundag 18.3  Foredrag med Anja Hammerseng Edin  
Til toppen