TIL EM: Thea Bjelde (biletet) og Ylinn Tennebø er begge uttekne i EM-troppen til J17-landslaget som skal til Tsjekkia. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.
TIL EM: Thea Bjelde (biletet) og Ylinn Tennebø er begge uttekne i EM-troppen til J17-landslaget som skal til Tsjekkia. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.

Ho er ein av to lokale talent som skal til EM​

Både Thea Bjelde og Ylinn Tennebø er tekne ut i Børje Sørensen sin J17-tropp til EM i fotball.

Sogndal: Tennebø er frå Vågsøy, men spelar til vanleg for Kaupanger, medan Bjelde er frå Sogndal og spelar i Arna-Bjørnar. 

Dei to lokale talenta er no to av 18 som er tekne ut i troppen til landslagstrenar Børje Sørensen, som leiar J17-landslaget.

EM går føre seg i Tsjekkia i mai, og Noreg har havna i gruppe saman med Nederland, Irland og England. Den første kampen skal spelast 2. mai.

Troppen har avreise til Tsjekkia 28. april.

Til toppen