TRU TENESTE: Kristin Sønnerheim kan få fylkeskulturprisen om ei veke for arbeidet med å fremma Aurlandsdalen som turmål.
TRU TENESTE: Kristin Sønnerheim kan få fylkeskulturprisen om ei veke for arbeidet med å fremma Aurlandsdalen som turmål. (Ole Johannes Øvretveit/NRK)

Ho er ein av tre kandidatar til fylkeskulturprisen

Kristin Sønnerheim frå Aurland kan få gjev påskjønning for hennar langvarige innsats for Aurlandsdalen.

Aurland: Om sju dagar skal fylkeskulturprisen for 2017 delast ut. Dei var femten kandidatar, no har innstillingsnemnda valt ut tre av dei som framleis står att med vinnarsjansar.

Den eine er Kristin Sønnerheim frå Aurland, som er nominert for hennar langvarige innsats for å fremma Aurlandsdalen som turmål. Dei to andre er idretten i Sogn og Fjordane ved idrettskrinsen og Teaterfestivalen i Fjaler.

Sønnerheim synest det er stas å vera nominert, men å vinna sjølve prisen er ikkje so viktig.

– Nei, eg har ingen ynskje om å få nokon fylkeskulturpris, det må eg seia. Eg har fått prisar før, både frå kommunen og elles, og det held lenge, sa ho sist veke, då det var klart at ho var blant dei nominerte.

Sønnerheim er aktiv både i pensjonistlaget og i saniteten, i tillegg til innsatsen ho har lagt ned for Aurlandsdalen. Saman med eit heilt arbeidslag har ho jobba i årevis for å halda dalen i hevd. Berre i år har dei lagt ned omkring 300 dugnadstimar.

Til toppen