Ho er fortvila over forfallet på det historiske bygdetunet i Aurland

– Det er eldgamle bygningar som har ein ubeskriveleg verdi.

Aurland: Otternes er eit gamalt klyngetun midt mellom Flåm og Aurland sentrum og tel i alt 27 hus. Dei eldste bevarte bygningane er frå år 1700. Ei historisk perle, som dei siste åra har stått til forfalls. 

KRITISK: Ingrid Bø i Aurland er oppteken av å ta vare på dei historiske bygga på Otternes, og meiner kommunen ikkje tek nok ansvar for forfallet.
KRITISK: Ingrid Bø i Aurland er oppteken av å ta vare på dei historiske bygga på Otternes, og meiner kommunen ikkje tek nok ansvar for forfallet.

Ifølgje Jon Skjerdal, styreleiar i stiftinga Otternes bygdetun, vil det koste 14,5 millionar kroner å sette bygdetunet i skikkeleg stand.

– Det ser heilt tragisk ut, det er ikkje bra, seier Ingrid Bø som dokumenterte forfallet då ho nyleg var på besøk til plassen.

Meiner kommunen må ta mei

Bø bur i Aurland har sjølv hatt tilknyting til Otternes sidan 2008 og hjelpt til som frivillig.

– Det er eldgamle bygningar som har ein ubeskriveleg verdi. At Aurland kommune kan fråskrive ansvaret slik som dei gjer, er umogleg å forstå, seier Bø.

Det ho refererer til er opprettinga av stiftinga Otternes Bygdetun i 2012. Bø rettar ikkje peikefingeren i nokon spesiell retning, men meiner rotet som oppstod i kjølvatnet av opprettinga av stiftinga har kome i vegen for den jobben som må til for å stoppe forfallet.

– Det er Aurland kommune som burde gå inn og ta ansvaret, meiner Bø.

– Det er mange som har eit sterkt forhold til Otternes. Men det blir usikkerheit, rykter og folk blir fortvila når dei ser tilstanden til kulturskatten vår.

Ordføraren meiner dei har gjort mykje

Som eit døme på stillstanden nemner ho taket på fjøsen som vart teken ned hausten 2015. Det ligg der på same plassen og har byrja å gro i eitt med graset.

– Når det ikkje er folk der oppe og passar på, så blir det berre øydelagt. Utan eit aktivt vertskap så er ikkje Otternes meir enn enn nokre gamle hus. Det ser ut som eit spøkelsestun, men det burde ha vore den best besøkte attraksjonen i Aurland kommune, seier Bø.

IKKJE EINIG: Ordførar Noralv Distad er heilt ueinig i at kommunen skyv frå seg ansvaret for Otternes.
IKKJE EINIG: Ordførar Noralv Distad er heilt ueinig i at kommunen skyv frå seg ansvaret for Otternes.

Ordførar Noralv Distad kjenner seg ikkje att i kritikken mot kommunen. Han meiner dei har gjort mykje for plassen oppgjennom og at opprettinga av stiftinga langt frå er noko ansvarsfråskriving.

– Kommunen har funne ut at det er det beste, for at stiftinga skal stå friare til å skaffe eksterne midlar. Det veit eg at det blir jobba veldig mykje med og eg håpar dei lukkast. Otternes er ei perle av høg kulturhistorisk verdi og med store moglegheiter. Eg håpar dette skal bli ein suksess, seier Distad. 

Han vedgår at tilstanden kunne ha vore betre, men understrekar at det er eit krevjande arbeid å halde ein slik plass ved like.

– No er det stifitnga som har ansvaret for det og eg legg til grunn at dei må gjere jobben med å ta vare på tunet og sørge for nødvendig restaurering. Det kommunen har vore oppteken av er at bygningane skal haldast ved like og at tunet skal vere tilgjengeleg for folk, seier ordføraren.

Til toppen