Luster: Arbeidet med å rusta opp fleire av tunnelane i regionen tek pause i sommarferien, det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
For May-Tone Feten Høyheim i Luster betyr det ein meir avslappa kvardag, noko ho set pris på.
– Det betyr at eg ikkje treng å planlegga alt eg skal til punkt og prikke. Eg har vener både på Skjolden og i Gaupne, og når det er stenging både innanfor og utanfor huset mitt må eg planlegga så mykje når det kjem til å nå opningane.
Trur det blir mindre aggressiv køyring
Ho er i tillegg sikker på at open ferdsel fører til mindre nesten-ulukker langs vegane.
– Eg trur det blir mindre aggressiv køyring fordi folk ikkje lenger må rekka opningane, og kan ta seg betre tid langs vegen.

Likevel tykkjer ho Statens vegvesen gjer ein viktig jobb når dei no skal utbetra 200 tunnelar på Vestlandet.
– Me set pris på arbeidet som blir gjort, og me er glad for å få større og tryggare tunnelar, men det skal bli godt med ein liten ferie midt i sommartrafikken, seier ho med eit smil.
Ferie for tunnelane både i Luster og Flåm
Tunnelane gjennom Luster: Røneidtunnelen, Råumtunnelen og Ottatunnelen tek ferie frå 4. juli. Dei startar opp att aktiviteten 6. august og då blir det arbeid i tunnelane både på dagtid og nattetid.
Og i Aurland tek tunnelarbeidet straks ferie. Det blir arbeid i E16 Flenjatunnelen fram til 9. juli. før det blir ferie i veke 28-30. I fv. 241 Bakkatunnelen blir det pause dei same tre vekene.
Frå 30. juli blir det på ny nattestengingar på E16. Då startar òg arbeidet med elektroinstallasjonane i E16 Gudvangatunnelen, og det vil bli køyrd samanhengande kolonne mellom Gudvangen og Flåm.