SKUFFA: Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, er skuffa over løyvingane til rassikring i framlegget til statsbudsjett. Her frå eit besøk til Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). Kjelsne
SKUFFA: Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, er skuffa over løyvingane til rassikring i framlegget til statsbudsjett. Her frå eit besøk til Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). Kjelsne

Ho er ikkje nøgd med løyvingane til rassikring

No vil dei ha på plass ein nasjonal plan.

Fylket: Rassikringsgruppa møttest på Stortinget torsdag for å delta på høyringa om statsbudsjettet i transport- og kommunikasjonskomiteen.

– Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er for dårleg og for lite offensivt. Me hadde venta at ei regjering som snakkar så ofte om samferdslesatsinga si, hadde satsa sterkare på noko så viktig som rassikring, seier leiar Åshild Kjelsnes, som også er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

MØTTE. Åshild Kjelsnes møtte på Stortinget saman med nestleiar i rassikringsgruppa Geir Ove Bakken. 
MØTTE. Åshild Kjelsnes møtte på Stortinget saman med nestleiar i rassikringsgruppa Geir Ove Bakken. 

Ho møtte i Stortinget saman med nestleiar Geir Ove Bakken frå Finnmark. Her la dei fram eit sterkt ønske om ein nasjonal plan med konkrete tidsperspektiv for skredsikring av det offentlege vegnettet.

Vil rassikre alle vegar innan 2030

Rassikringsgruppa har eit uttalt mål om at alle vegar skal vere rassikra innan 2030.

– Me har møtt stor forståing for målsetjinga vår. Difor trur me at ein offensiv plan med konkrete mål for å sikre heile vegnettet vil ha gode sjansar for å få tilslutning, seier Kjelsnes.

Då må det pengar til. Dersom ein skal nå det målet innan 2030, må det nyttast 3,4 milliardar kroner kvart år på rassikring.

Verst i vest

I 2017 foreslår regjeringa å løyve til saman 1,34 milliardar kroner, der 688 millionar kroner går til fylkesvegar og resten til riksvegar. 

– Med løyvingane regjeringa legg opp til, vil ikkje det offentlege vegnettet vårt vere sikra før i 2051. Det er for seint, slår Kjelsnes fast.

Det er ikkje overraskande på Vestlandet desse midlane trengs mest. Berre i region vest treng ein 22,2 milliardar kroner til rassikring. Det er rundt halvparten av den totale kostnaden for heile landet. 

Til toppen