ULIKE SYN: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil tildela dei nye regionane ansvaret for innkjøp av innanlandska flyruter. Fylkesordførar Jenny Følling har lite til overs for oppgåva og tykkjer oppgåvene regionane ser ut til å få generelt er for lite konkrete. Fotokollasj: Arkiv
ULIKE SYN: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil tildela dei nye regionane ansvaret for innkjøp av innanlandska flyruter. Fylkesordførar Jenny Følling har lite til overs for oppgåva og tykkjer oppgåvene regionane ser ut til å få generelt er for lite konkrete. Fotokollasj: Arkiv

Ho er misnøgd med oppgåvene han vil tildela regionane

Kommunalministeren meiner dei nye regionane bør få ansvaret for innkjøp av innanlandske flyruter overført frå Staten. – Stor fare for at vi ikkje får kompensert for kostnadane, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Fylkesordførar Jenny Følling hadde venta meir konkrete oppgåver i stortingsmeldinga om regionreforma. Og ho fryktar at ansvaret for flyrutekjøp blir overført til regionane utan nok midlar.

Kommunal- og moderniseringsministeren trekkjer fram kjøp av innanlandske flyruter som ei av dei statlege oppgåvene som skal overførast til dei nye regionane. Dette er ei oppgåve eit samrøystes fylkesutval i oktober sa klart at det ikkje ønskjer at det regionale nivået skal ha.

Fryktar pengekutt

– Vi får flyrutekjøp, noko vi ikkje har bedd om, men som vi har frykta at vi skulle få. Her er det stor fare for at vi over tid ikkje får kompensert for dei kostnader som måtte kome. Då er det vi som får problemet, og vi kan måtte gjere vanskelege prioriteringar mellom til dømes buss- og flyruter, slår fylkesordførar Jenny Følling fast i ei pressemelding, og held fram: 

– Dessutan er det berre få av dagens fylke som har tilskotsbaserte flyruter. Dersom regionane skal overta dette ansvaret, må det følgje med økonomi til å drive og utvikle flyrutetilbodet. Elles blir dette fort ei økonomisk hengemyr.

Fylkesutvalet meiner vi er beste tente med at det er Samferdsledepartementet som gjennomfører kjøp av regionale flyruter – slik det er i dag.

Ny oppgåvefordeling

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner la 5. april fram innstillinga si til ny regionstruktur. Han presenterte også ein del av oppgåvene regjeringa ser føre seg at dei nye regionane skal ha.

Regjeringa vil leggje den offentlege tannhelsetenesta til kommunane, medan blant anna statlege fiskerihamneanlegg, tilskotsmidlar innan landbruket, midlar til kultur, fleire frilufts- og kulturminneoppgåver og styrking av regional planlegging som verkemiddel vert lagt til regionane.

Stortinget skal i juni setje ned eit ekspertutval som skal arbeide vidare med oppgåve- og forvaltningsstrukturen. Det er viktig at dette utvalet får eit ope mandat som gjer det mogleg å peike på fleire oppgåver.

Hadde venta noko meir konkret

Fylkesordføraren meiner at det er positive signal, men hadde venta at regjeringa skulle vere meir konkret om oppgåvefordelinga.

– Det regjeringa la fram om oppgåver er for svakt, vi hadde venta noko meir konkret. No må vi setje vår litisnø til Stortinget og ekspertutvalet sitt arbeid. Dei nye oppgåvene til det regionale nivået må vere både tenesteproduksjon og forvaltningsoppgåver, seier Følling.

Ho trekkjer fram at fylka må behalde oppgåvene dei har i dag, og at døme på nye oppgåver kan vere til dømes deler av BUF-etat, Kulturrådet og vegadministrasjon for fylkesvegnettet. Følling er særskilt uroa over flyttinga av tannhelsetenesta. 

– Om kommunane skal overta dette ansvaret, så må dei setjast i stand til det. Vi kjem framleis til å ha veldig mange forholdsvis små kommunar her i landet, som kanskje ikkje ha føresetnadane dei treng for å overta denne tunge oppgåva, seier fylkesordføraren.

Nye regionar

Sanner teiknar det nye regionkartet med slike samanslåingar:

  • Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Aust-Agder og Vest-Agder
  • Vestfold og Telemark
  • Oppland og Hedmark
  • Buskerud, Akershus og Østfold

Inndelinga i Nord-Noreg vert klart seinare, og det nye trøndelagsfylket trer i kraft 1. januar 2018.

Fylkesmannsembeta vil følgje dei nye fylkesgrensene, og regjeringa varslar i tillegg ein gjennomgang av dei andre statlege, regionale strukturane.

Til toppen