Lærdal: Lærdalsjenta Andrea Voll Voldum (21) løfta fram ein debatt heile Noreg engasjerte seg i etter at ho fortalde si historie om hendinga i Hemsedal.
– Ho fekk nasjonal merksemd med Hemsedal-saka der ho gav valdtektsoffer eit ansikt etter rettssaka der tre menn ho melde for valdtekt, vart frikjende, seier Budeng i ei pressemelding om grunngjevinga for at Voll Voldum er nominert.
Blir utdelt 11.oktober
Ingen ringare enn Knut Storberget leier juryen:
– Å stoppa overgrep og brot på jenter sine rettar er ikkje berre viktig for jentene sjølv – det er også viktig for fellesskapet, seier Storberget.
- Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea (21) i Oslo
- Les også: Vil klaga inn staten for den europeiske menneskerettsdomstolen
Tidlegare vinnarar av prisen er:
- Sara Khasay for sitt arbeid mot kjønnslemlesting
- Fakhara Salimi for sitt arbeid for minoritetsjenters rettigheiter
- Gerd Fleischer for sitt arbeid for sjølvhjelp for innvandrarar og flyktningar
- Deeyah Khan, menneskerettigheitsaktivist og filmskapar
Prisen blir delt ut på FNs jentedag 11. oktober.