DAGLEG LEIAR: Ingeborg Njøs Storvik er tilsett som ny dagleg leiar for Urnes stavkyrkje. Ho skal ha ansvar for utviklinga av det nye verdsarvsenteret.
DAGLEG LEIAR: Ingeborg Njøs Storvik er tilsett som ny dagleg leiar for Urnes stavkyrkje. Ho skal ha ansvar for utviklinga av det nye verdsarvsenteret. (Foto: Martin Huddart / Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane)

Ho er ny dagleg leiar for Urnes stavkyrkje, skal utvikla verdsarvsenteret

Ingebjørg Njøs Storvik (33) er tilsett som dagleg leiar ved Urnes stavkyrkje og nysatsinga om eit verdsarvsenter.

Indre Sogn: Storvik er utdanna innan historie og kulturfag frå Universitetet i Bergen, med hovudvekt på arkeologi. Det går fram av ei pressemelding måndag.

Ho vil tre gradvis inn i stillinga etter at noverande leiar, Marit Bøen (72) skal gå av med pensjon.

– Historie og historieformidling har lenge vore mi interesse, eg likar å formidle faget mitt og ha moglegheit til å vinkle ho på nye måtar, og vise kor mykje historia verkar inn på kvardagen vår, seier Storvik. 

Storvik bur i Bergen, men seier i pressmeldinga at ho ser fram til å flytte attende til Sogn.

Ansvar for nytt verdssenter

Blant dei 20 søkarane vann Storvik fram. Ho skal ha ansvar for både Urnes stavkyrkje og utviklinga av det framtidige verdsarvsenteret, som fekk  1.5 millionar kroner til utbygging i statsbudsjettet. 

I ei tidlegare sak sa Jon E. Tamnes, dagleg leiar i fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane, til Porten.no at den daglege leiaren skal ha ansvar for å utvikla innhaldet i bygget, ikkje prosjektering og det tekniske ved utbygginga. 

– Det er åtte verdsarvområde i Norge, og i den nasjonale politikken er det lagt føringar på at kvart område skal utvikla sitt eige verdsarvsenter. Det er den oppgåva me er i gang med no.

Til toppen