Balestrand: Hovudutval for næring og kultur slutta seg i dag til at det vert etablert eit verdsarvråd for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område. Som medlem i verdsarvrådet vart fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes valt.
Med seg får ho Jon Olav Kvamme (KrF) som vara. Han sit i dag i fylkestinget og i hovudutval for næring og kultur.
Urnes stavkyrkje vart i 1979 skrive inn på Unesco si verdsarvliste som ein av dei to første innskrivingane i Noreg. Innskrivinga omfattar kyrkja, kyrkjegraden og ei sikringssone på fem meter rundt kyrkjegarden.
Verdsarvsenter på Ornes
Ei av dei viktigaste sakene til verdsarvrådet er å etablere eit verdsarvsenter på Ornes. Senteret skal driftast av Fortidsminneforeningen, der innhald og utviklinga av senteret skal skje i samarbeid med verdsarvrådet. Kjelsnes gler seg til å ta fatt på oppgåvene.
– Urnes er ei av dei store kulturperlene våre, seier ho.
Samansettinga av verdsarvrådet
Verdsarvrådet si samansetjing består av følgjande medlemmar:
- Ordførar/varaordførar i Luster kommune som leiar av rådet
- Representant Fortidsminneforeningen sitt hovudkontoret som nestleiar av rådet
- Eit medlem frå Luster kommunestyre
- Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
- Representant for Samarbeidsgruppa for grendalaga på Sørsida
- Representant for Bygdelaget i Solvorn
- Representant frå Fortidsminneforeningen si avdeling i Sogn og Fjordane
I tillegg vil medlemmane kunne ta med seg representant frå administrasjonen som bisitjar med talerett.