TV-AKSJONEN: Sandra Opheim (MDG) er valt som ny leiar for TV-aksjonskomiteen i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TV-AKSJONEN: Sandra Opheim (MDG) er valt som ny leiar for TV-aksjonskomiteen i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho er ny komitéleiar for TV-aksjonen

Varaordførar i Årdal, Sandra Opheim (MDG), er valt som ny leiar for kommunekomiteen til TV-aksjonen i 2016.

Årdal: Kvart år vert det arrangert ein innsamlingsaksjon gjennom NRK, og kommunane er involvert i arbeidet med å administrere innsamlingsarbeidet.

Tradisjonelt er det varaordførar som har vore komitéleiar i Årdal, og i år er det Opheim som tar over denne leiarrolla etter Marie Helene Hollevik Brandsdal.

Ho får med seg Kurt Jevnaker (V), medan det blei føreslått gjenval på dei eksisterande medlemmane i styret. 

TV-aksjonen 2016 skal vere søndag 23. oktober. Innsamlinga skal gå til Røde Kors, som skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda – sivile råka av krig og konflikt.

Formannskapet i Årdal beslutta samstundes å gi 10 000 kroner til dette føremålet. Pengane vert dekka av posten «til formannskapet sin disposisjon». 

Til toppen