NY LEIAR: Marie Helene Hollevik Brandsdal er valt som ny leiar i Årdal Arbeidarparti.
NY LEIAR: Marie Helene Hollevik Brandsdal er valt som ny leiar i Årdal Arbeidarparti.

Ho er ny leiar i Arbeidarpartiet

Marie Helene Hollevik Brandsdal er ny leiar i Årdal Arbeidarparti.

Det betyr at Morten Skarsbø trer av som leiar i lokallaget. Det vart bestemt på årsmøtet til partiet tysdag, skriv Årdal Arbeidarparti på si Facebook-side.

Skarsbø kjem til å halde fram som styremedlem, skriv partiet vidare.

– Takk for deg gode jobben du har lagt ned i leiarvervet. Det er godt at du held fram i styret. Eg er glad og audmjuk over at årsmøtet valte meg som leiar. Eg er godt motivert og vil gjere mitt beste for Årdal Arbeidarparti, seier Brandsdal.

Elles er arbeidet med å få AUF opp å stå i gong. Då årsmøtegjest Gunvor Eldegard besøkte Årdal vidaregåande skule tysdag, hadde ho med seg leiar i AUF Sara Vie. Ho skal leia det som truleg blir eit samanslått AUF med Årdal og Lærdal, fortalte ho forsamlinga.

Artikkelen held fram under biletet.

LEIAR AUF: Sara Vie skal leia AUF i det som truleg blir eit samarbeid mellom Årdal og Lærdal. Her saman med årsmøtegjest Gunvor Eldegard på Årdal vidaregåande skule.
LEIAR AUF: Sara Vie skal leia AUF i det som truleg blir eit samarbeid mellom Årdal og Lærdal. Her saman med årsmøtegjest Gunvor Eldegard på Årdal vidaregåande skule.

– Eg er glad for at AUF med Sara Vie i front er komen godt i gong, og eg ser fram til å leie styret med dyktige og engasjerte styremedlemmar. 

Dei andre som vart valt inn i styret var Anne Kauppi, Olav Nese, Stein Idar Sem-Johansen, Siv Bakken, Wenche Tryti Breivik, Morten Skarsbø, Jasmin Eminovic og Arne Talsæte.

Til toppen