NY ROVVILTKONTAKT: Aina Stokkenes er ny rovviltkontakt i Statens naturoppsyn i Luster. Foto: Statens naturoppsyn.
NY ROVVILTKONTAKT: Aina Stokkenes er ny rovviltkontakt i Statens naturoppsyn i Luster. Foto: Statens naturoppsyn.

Ho er ny rovviltkontakt for Indre Sogn

Einar Forthun sluttar som rovviltkontakt, og Aina Stokkenes tek over.

Luster: Stokkenes tek over som ny rovviltkontakt i Statens naturoppsyn (SNO) i Luster etter i løpet av juni, går det fram av ei pressemelding. 

Forthun har vore rovviltkontakt i SNO sidan 2001. Gjennom åra har utfordringane vore mange, og han har undersøkt sau som har blitt tekne av alle dei freda rovviltdyra i Noreg.

Han har hatt mange lange turar innover i fjellet saman med husdyreigarane for å finne ut om freda rovvilt er årsak til at eigarane har mista dyr. Dette kan ofte by på utfordringar sidan kadavera er i ulik tilstand.

– Einar har løyst dette på ein svært god måte. Når Einar no går av med nådd aldersgrense i staten, er vi glade for at vi har funne ein god erstattar hjå Luster Austre Fjellstyre, seier Rein-Arne Golf, som er regionalt rovviltansvarleg i SNO.

Viktig at folk tar kontakt

Denne personen er Aina Stokkenes. Ho er oppvaksen på gard med sau på Skjolden i Luster kommune og alltid hatt stor interesse for natur og dur. Stokkenes har i tillegg ein mastergrad i naturforvalting og har gjennom studiar på Ås og Evenstad fått kjennskap til rovvilt, både teoretisk og praktisk.

– I arbeidet som rovviltkontakt er det veldig viktig for meg å ha eit godt forhold til næringa, og at folk tar kontakt og brukar meg som rovviltkontakt, seier Stokkenes.

Golf minner om at dersom husdyreigarar finn daude eller skadde dyr som dei mistenkjer er drept av freda rovvilt, så må dei ta kontakt med Stokkenes så raskt som mogleg. 

Til toppen