STYRELEIAR: På ei ekstraordinær generalforsamling blei Kristine Grønner Ohnstad vald til ny styreleiar i Sogn sparebank.
STYRELEIAR: På ei ekstraordinær generalforsamling blei Kristine Grønner Ohnstad vald til ny styreleiar i Sogn sparebank. (Foto: Privat)

Ho er ny styreleiar i Sogn Sparebank: – Eg brenn for utvikling, samarbeid og samhald

Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogn: Kristine Grønner Ohnstad vart på gårsdagens ekstraordinære generalforsamling vald til ny styreleiar for Sogn Sparebank.

– Eg brenn for utvikling, samarbeid og samhald, seier den nyvalde leiaren.

Ho har dei seinare åra jobba med næringsutvikling i Sognefjorden næringshage, i tillegg til arbeid i eigne verksemder. Gjennom åra har Ohnstad ein del styreerfaring som til dømes Visit Sognefjord, samt vore aktiv i kommunepolitikken. I dag sit ho som styremedlem i Aurland Energiverk.

Utdanna adjunkt

– Eg er opptatt av og liker å bygge organisasjonar. Ein bankfusjon er utfordrande og spennande, og no skal vi saman bygge ein sterk lokalbank som er rigga for framtida. Det er eit veldig godt styre som er vald, og eg ser fram til å halde fram med arbeidet saman med styret, leiinga og resten av organisasjonen, seier Grønner Ohnstad.

I pressemeldinga kjem det vidare fram at ho er utdanna adjunkt og har grunnfag pedagogikk. Ho er opphavleg bergensar med mesteparten av oppveksten i Hardanger. I 1995 overtok ho og mannen Odd Ohnstad familiegarden i Flåm, og saman har dei tre vaksne born.

Styret i Sogn Sparebank består av Kristine Grønner Ohnstad (leiar), Arve Tokvam (nestleiar), Olav Vikøren, Anne Espeland, Siv Jorunn Enerstvedt og Egon Mogens Moen, Håkon Seim Lysne. Marianne Sundal og Leidulv Finden er styrerepresentantar for dei tilsette.

Til toppen