NYTT FJES: Ragnhild Skahjem Tofastrud (34) flytta heim att til Aurland for å starta i den nye jobben.
NYTT FJES: Ragnhild Skahjem Tofastrud (34) flytta heim att til Aurland for å starta i den nye jobben. (Foto: Sogn Sparebank)

Ho er nytilsett i Sogn Sparebank

Ragnhild Skahjem Tofastrud (34) frå Aurland er tilsett som leiar for marknad og kommunikasjon i Sogn Sparebank.

Aurland: Det melder banken i ei pressemelding tysdag.

UTVIDAR LAGET: Leiargruppa i Sogn Sparebank etter nytilsettinga (frå venstre): leiar marknad og kommunikasjon Ragnhild Skahjem Tofastrud, leiar bedriftsmarknad Bjørn Moheim, leiar HR Ingeborg Indrelid, banksjef Mads Indrehus, leiar privatmarknad Magne Klepp (framme) og assisterande banksjef Gunnar Skahjem. Foto: Sogn Sparebank

– Det har vore eit kjempespennande møte med banken, og eg ser allereie mange moglegheiter me skal jobba med framover. Ikkje minst gler eg meg til å bli kjent med alle kollegaene mine, og at me saman skal jobba med felles strategi og mål, seier Tofastrud i pressemeldinga.

Lokale ambisjonar

Tofastrud er utdanna innan medievitskap, organisasjon og leiing, og kjem frå stillinga som rådgjevar i bransjeorganisasjonen Regnskap Norge. Ho tek med seg mann og to ungar på flyttelasset frå aust til vest.

Arbeidsstaden blir i Aurland, men Tofastrud vil óg vera til stades ved dei andre avdelingane med jamne mellomrom, skriv banken.

– Sogn Sparebank har som mål å verta den føretrekte lokalbanken i Sogn. Difor var det viktig for oss å få inn nokon som kan jobba målretta med å setta oss på kartet og vera synleg i lokalmiljøa. Me er difor svært glade for å ha fått Ragnhild med på laget, seier administrerande banksjef Mads Indrehus.

 

Til toppen