STADLEG LEIAR: Margun Thue går inn i stillinga som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus og har mellom anna ansvar for å utvikla sjukehuset. Foto: Helse Førde
STADLEG LEIAR: Margun Thue går inn i stillinga som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus og har mellom anna ansvar for å utvikla sjukehuset. Foto: Helse Førde (Foto: Helse Førde)

Ho er stadleg leiar ved Lærdal sjukehus

Margun Thue har jobba ved Lærdal sjukehus i ei årrekke, og kjenner såleis godt den institusjonen ho no skal leie. 

Lærdal: Thue har bakgrunn som sjukepleiar, og har vidareutdanna seg innan administrative og juridiske fag. Ho har også mastergrad i organisasjon og leiing. 

Den nye stadlege leiaren er ikkje ukjend med Helse Førde og sjukehuset, ettersom ho mellom 1996 og 2009 jobba i ulike stillingar ved Lærdal sjukehus, går det fram av eit skriv frå Helse Førde. 

– Etablering av stadleg leiing i Lærdal er først og fremst ei god nyheit for Lærdal sjukehus, seier Thue. 

– Signal om at Lærdal sjukehus vert satsa på

Ho har vore høgskulelektor ved HISF og har jobba som kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal kommune dei fem siste åra.  I februar i år vende ho tilbake til Lærdal sjukehus, denne gongen som seksjonsleiar for ortopedisk seksjon. Her har Thue teke del i utviklingsprosjektet for Lærdal sjukehus, som er ein del av programmet Pasientens helseteneste.

Ho meiner stadleg leiing vil vera ein styrker for Lærdal sjukehus.

– Det er eit signal om at det vert satsa på oss som ein del av sjukehusnettverket i Helse Førde. Eg gler meg til å bidra til utviklinga av eit framtidsretta sjukehus og ei samla spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane, slik at vi vi kan gi pasientane eit kvalitativt godt, sikkert og nært helsetilbod i samarbeid med tilsette, brukarar og andre samarbeidspartar. 

Dette er ansvarsområda for Thue som stadleg leiar: 

  • Stadleg leiar skal understøtte Helse Førde sine strategiar og utvikle lokalsjukehuset  i Lærdal. Stadleg leiar er organisatorisk underlagt administrerande direktør i Helse Førde.
  • Stadleg leiar representerer Lærdal sjukehus, og har ansvaret for at sjukehuset er koordinert slik at den faglege og administrative standarden held høgt kvalitet. Dette inneber m.a. samordning mellom leiarar ved sjukehuset.
  • Stadleg leiar skal samarbeide med linjeleiinga for klinikkane om å utvikle verksemda etter vedtekne målsettingar og strategiar.
  • Stadleg leiar skal medverke til eit aktivt og forpliktande samarbeid om drift og utvikling av sjukehuse
Til toppen