FÅR TESTA SEG: Ingrid Lovise Jåstad, då 14 år gamal, kom til Kaupanger frå Hafslo på tampen av fjoråret. Debuten fekk ho i serieopninga mot Fana i år. No nærmar ho seg landslagsspel. Foto: arkiv. 
FÅR TESTA SEG: Ingrid Lovise Jåstad, då 14 år gamal, kom til Kaupanger frå Hafslo på tampen av fjoråret. Debuten fekk ho i serieopninga mot Fana i år. No nærmar ho seg landslagsspel. Foto: arkiv. 

Ho er teken ut til ekslusiv talentleir

Kaupangerspelar får måle krefter med den ypparste eliten i hennar aldersklasse.

Kaupanger: Ingrid Lovise Jåstad (15) er ein del av ei eksklusiv gruppe fotballspelarar som er teken ut til Statoils talentleir i Stavanger 21-25 juni.

Talentleiren er det øvste nivået i landslagsskulen til Norges fotballforbund og er eit samarbeid mellom fotballforbundet og det statlege olje- og gasselskapet. I år er det for første gong ein rein jenteleir, delt opp i fire forskjellige troppar.

Les også: Har sikra seg spelar for framtida
Les også: To sogndalspelarar på kvart sitt landslag

Jåstad er i troppen til J15/J16 sitt skuggelandslag, ei gruppe på tjue spelarar som ligg og vakar på grensa til landslagstroppen.

Fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland, seier følgjande til dei uttekne spelarane på heimesidene til NFF:

– Nettopp du er teken ut til samlinga fordi du blir sett på som eitt av dei største talenta i Norge i den største idretten i Norge. Ver stolt av deg sjølv, og ver stolt av klubben din.

Til toppen