NY TILSETT: Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, seier at det er spennande å få Trine Grøttebø med på laget.
NY TILSETT: Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, seier at det er spennande å få Trine Grøttebø med på laget. (Foto: Synne Haga / Arkiv)

Har tilsett ny rådgjevar i Årdal Utvikling

Årdal Utvikling har henta lærdøl til selskapet.

Årdal: Trine Grøttebø (47) er tilsett som rådgjevar i fast stilling i Årdal Utvikling. Ho tek til i stillinga i mars 2020. 

RÅDGJEVAR: Trine Grøttebø er tilsett som rådgjevar i Årdal Utvikling, og tek til i jobben frå mars 2020. Foto: Pressefoto

Grøttebø er utdanna innan økonomi, administrasjon og reiseliv. Ho jobbar i dag som marknadssjef ved Lærdal Energi og har tidlegare jobba på økonomiavdelinga i same bedrift.

– Trine er på plass i stillinga i mars og vil erstatta Jorunn Nilssen, som går av i pensjon. Ho har erfaring innan reiseliv, og det vil bli naturleg at ho får ansvar for dei områda. Det blir spennande!, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvkling. 

Travelt år i vente

Laberg fortel at selskapet har eit travelt 2020 i vente, der det er fleire store prosjekt som skal realiserast.

– Me har eit stort behov for folk framover, for me har mange store prosjekt på gang i 2020, seier Laberg. 

Blant anna skal Teknologisenteret i Øvre Årdal realiserast, og me er i full gang med Sjøfront-prosjektet og eit reiselivsprosjekt. Jorunn skal gå av med pensjon i mars, og me treng ressursar.

Til toppen