UROA: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) likar ikkje at Helse Førde no skal ta ein ny runde på ambulansetenesta i fylket. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UROA: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) likar ikkje at Helse Førde no skal ta ein ny runde på ambulansetenesta i fylket. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho er uroa over at ambulansetenesta er under søkelyset

Leiar i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal, vil ha på plass ein ROS-analyse på ambulansetenesta i kommunen.

Årdal: Brandsdal tok ordet i kommunestyremøtet torsdag, der ho bad resten av partia stille seg bak ønsket. Bakgrunnen er at Helse Førde tidlegare denne månaden varsla at dei vil ha ein ny prosess for å avklare framtidig organisering av ambulansetenesta i Sogn og Fjordane.

– Av den grunn ønskjer Arbeidarparti å få med kommunestyret på at rådmann skal utarbeida ein ROS-analyse på tenesta og betydninga ho har for Årdal. Eg meiner Årdal bør setja seg i førarsetet, sa ho.

Til Porten.no utdjupar ho.

– Eg uroar meg for at Helse Førde skal ta ein ny runde. Då veit me korleis det blir. Det er alltid denne tenesta som kjem opp som innsparingstiltak. Dette er å leika med folk si liv og helse, seir ho.

Åtte millionar meir enn budsjettert

Økonomiske rammevilkår, endra kommunikasjonar og den demografiske utviklinga har gjort det naudsynt med ein ny prosess rundt korleis ambulansetenesta bør vere i framtida, er argumentet til Helse Førde.

I 2017 kjem ambulansetenesta til å bruke rundt åtte millionar kroner meir enn budsjettert, og overskridinga er endå større om ein samanliknar dette forbruket med ambulansetenesta sin del av Helse Førde si inntektsramme.

– I Årdal hadde me helst sett at me fekk ein ambulansestasjon til i Øvre Årdal. Eg ser på det som heilt utenkeleg at me skal miste den me allereie har. Kommunane i distrikta må heile tida kjempe for det dei har, frå politireform til dette, seier Brandsdal.

Allereie bestilt

I møtet kunne rådmann Olve Fossedal forsikre om at arbeidet med ein ROS-analyse allereie var bestilt.

– Det er eg glad for. Me har ein effektiv administrasjon slik sett, seier Ap-leiaren.

Til toppen