Sogndal: – Eg tykkjer det er viktig at hovudverneombodet og rådmannen kjem i dialog med dei tilsette og får løyst dette. Det er viktig å ha eit godt verneombod. Dette er noko eg kjem til å følgje opp på førstkomande formannskapsmøte, seier Senea Sabanovic (Ap).
Les også: Sogn barnevern har vore utan verneombod i snart eitt år
På laurdag skreiv vi at Sogn barnevern har vore utan verneombod i snart eitt år. Eit verneombod blir vald av dei tilsette og skal ta vare på deira interesser i saker som har med arbeidsmiljøet å gjere.
Sabanovic har òg tidlegare stilt spørsmål om dette, seinast på dialogmøtet formannskapet hadde med barnevernet før nyttår.
– Svara me fekk uroar meg. Dette er alvorleg, seier Sabanovic.
Som formannskapsmedlem er ho opptatt av at alle tilsette nyt dei rettane som arbeidsmiljølova har slått fast.
– Den jobben vernetenesta gjer er utruleg viktig. Det uroar meg meg mykje at dei ikkje har hatt det i barnevernet på elleve månader, seier ho.