NY LEIAR: Emma Berge Ness er valt som ny leiar i Senterungdomen Sogn og Fjordane. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
NY LEIAR: Emma Berge Ness er valt som ny leiar i Senterungdomen Sogn og Fjordane. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Ho er valt som ny leiar i Senterungdomen

Emma Berge Ness frå Gaular er valt inn som ny leiar i Senterungdomen Sogn og Fjordane.

Førde: Senterungdomen hadde årsmøte i Førde denne helga, der dei mellom anna valte nytt fylkesstyre. 

Sidan Nikolai Åshamar ikkje stilte til attval, er det no Ness som tek over rolla som leiar. 

I styret finn ein fleire frå Indre Sogn, mellom anna Hilde Horpen frå Årdal, Bjørn Stølsnæs frå Leikanger og Eivind Steig frå Luster.

Til toppen