NY STYRELEIAR: Agnes Landstad er valt som ny styreleiar i Helse Førde etter å ha fungert som det sidan i haust. Foto: Helse Førde. 
NY STYRELEIAR: Agnes Landstad er valt som ny styreleiar i Helse Førde etter å ha fungert som det sidan i haust. Foto: Helse Førde. 

Ho er valt som styreleiar i Helse Førde​

Agnes Langstas har fungert som styreleiar i Helse Førde sidan i haust. No er ho formelt valt.

Førde: Det skriv Helse Førde i ei pressemelding torsdag. Styret har også fått tre nye medlemmar i Aud Ingrid Espeland, Hans Jacob Westbye og Arthur Norevik.

Espeland er vald av styret i Helse Vest, medan Norevik og Westbye er valde av dei tilsette.

Aud Ingrid Espeland er busett i Flekke. Ho er dagleg leiar i Fjord Invest, eit investeringsselskap i Førde som investerer i vekstselskap på Vestlandet. Espeland er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule.

Hans Jacob Westbye er overlege ved avdeling for akuttmedisin i Helse Førde. Arthur Norevik er psykiatrisk sjukepleiar og klinikktillitsvald i sjukepleiarforbundet. Dei tre er valde for to år. Atle Hamar er nestleiar.

Det nye styret tek til å fungere frå 1. mars. Dei som går ut av føretaksstyret er Berit Hornnes, Geir Berge Øverland og Jorunn Ringstad.

Til toppen