Årdal: Berit Sønstlien feira bursdagen sin ein gong til på tysdagsklubben sitt julebord, to dagar etter at ho feira bursdagen sin på Grandane.
Julebordet markerte slutten på årets aktivitetar i klubben, som til neste år går inn i sitt 29. strake år med aktivitet.

– Tysdagsklubben er eit fint tilbod som Berit er glad i. Det er kjekt for ho og dei andre i klubben å vera med på arrangerte aktivitetar, og veldig viktig, seier Jo Ragnar Sønstlien, far til Berit.
Som i fjor var det Ketil Thorbjørnsen som stod for underhaldninga etter middagen. Trubaduren er kjent for sine eigne songar gjennom Verdsmannen-prosjektet, men på desse juleborda spelar han i hovudsak gamle norske, kjente sangar.
Attåt sin eigen hit uknuselege diamant spela han sangar som Jag trodde englarna fans, Nå skal vi skilles Johanne, E6, Tore Tang og mange fleire. Folk dansa og hyggja seg, og det var eit svært stemningsfullt julebord.