Årdal/Sogndal: Nesteng har vore kraftverkssjef i Sogn sidan våren 2013. Dei siste fire åra har ho bodd i Sogndal og pendla mellom Hydro sine kraftverksstasjoner i Luster og Årdal.
Vil sakna Sogn
– Eg har hatt ei fantastisk tid her i Sogn, og det blir vemodig å skulle reisa frå dei fine folka og den fantastiske naturen her. Men når denne moglegheita dukka opp var eg ikkje i tvil om at det var det rette valet for meg, seier Nesteng i ei pressemelding.
Hydro produserer årleg over tre terrawatt-timar med elektrisk energi i Sogn, tilsvarande årsforbruket til om lag 150.000 einebustader. Krafta brukar Hydro til å produsera aluminium i Høyanger og Årdal.
Jakta på personen som skal erstatta Nesteng i Sogn er i gang internt i Hydro, og selskapet opplyser at ambisjonen er å ha ei avklåring på dette spørsmålet før Nesteng trer frå stillinga 1. mars.
Blir sjef i jubileumsår
Hydro Holmestrand blei etablert i 1917 for å videreforedla aluminium som blei produsert i Høyanger. I år vil verket produsera om lag 90.000 tonn produkt av valsa aluminium. Ein stor del av dette er basert på resirkulering, og verket er blant anna ansvarleg for å resirkulera alle drikkeboksar som blir panta i Noreg.
– Hydro Holmestrand feirar 100 år i år, så det er ei stolt historie eg no får vera med på å utvikla vidare. Dette er ei utfordring eg gler meg veldig til, sier Nesteng.