UROA: Medialinja i Sogndal er tilrådd lagt ned. Det uroar elevane, blant dei tillitsvald Sara Lysgård.
UROA: Medialinja i Sogndal er tilrådd lagt ned. Det uroar elevane, blant dei tillitsvald Sara Lysgård. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Ho fryktar dommedag for medielinja i Sogndal

Neste tysdag skal fylkespolitikarane avgjera om studietilbodet framleis skal eksistera i saftbygda.

Sogndal: – Det er dumt å ikkje la den nye studiespesialiserande medielinja få utvikla seg og prøva seg i nokre år før dei legg oss ned, seier elev Sara Lysgård.

Ho er tillitsvald og går i andre klasse på medium og kommunikasjon i Sogndal, eit studietilbod som på ny står i fare for å forsvinna. Synkande elevtal gjer at fylkesdirektøren tilrår å fasa ut tilbodet i Sogndal og gjera linja i Førde fylkesdekkande. 

– Søkar- og elevtala vurdert opp mot ressurssituasjonen i sektoren gjer det vanskeleg å forsvara lokalisering ved to skular som i dag, skriv fylkesdirektør Bekka Skaasheim i saksframlegget til hovudutvalet for opplæring, utvalet som skal spikra opplæringstilbodet for neste skuleår.

Fallande søkartal ikkje eit faresignal

Frå å vera eit yrkesretta fag, vart medium og kommunikasjon lagt om til å vera studiespesialiserande hausten 2016. Det vil seia at elevane vil få rett til å studera på universitet etter at dei tre åra på vidaregåande er over.

Endringa førte til at søkartala gjekk ned, både på medielinja i Sogndal og Førde. No kan det få konsekvensar, men berre for Sogndal.

– Det at søkartala går ned når det blir oppretta ei forholdsvis ny linje er ganske naturlig. Folk vegrar seg kanskje for å hoppa ut i noko, før dei har høyrt erfaringane frå andre. Det burde ikkje vera eit faresignal om at me går under, seier elev Sara Lysgård.

Spelar ei viktig rolle i bygda

Ho meiner nedlegging vil vera eit tap, ikkje berre for dei som elevar, men for heile miljøet på Campus og for næringslivet i bygda.

– Me får masse oppdrag og ser på oss sjølve som nyttige for næringslivet her. Det er gunstig både for oss og dei som leiger oss inn, difor føler eg Sogndal som lokalsamfunn vil mista ein ressurs dersom linja forsvinn, seier Lysgård.

Ho får støtte av ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, som i eit brev oppmodar opplæringsvutvalet om å la en nye strukturen få tre år på seg for å sjekka om søkartala tek seg opp att.

– Både Sogndal og Førde er kobla på gode og framtidsretta mediemiljø. For fylket meiner eg det vil vere viktig at dette studietilbodet er begge stadene, seier han.

Til toppen