HASTAR: Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved besøkssenteret til Borgund stavkyrkje, meiner det hastar å få opp nye toalett ved den historiske turistmagneten.
HASTAR: Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved besøkssenteret til Borgund stavkyrkje, meiner det hastar å få opp nye toalett ved den historiske turistmagneten.

Ho fryktar toalettkrise ved stavkyrkja til sommaren

Besøkssenteret på Borgund vil ikkje lenger sleppa inn dotrengde utan billett. Dersom kommunen ikkje får på plass nye toalett før sesongstart blir det «kaotiske tilstander», spår den daglege leiaren ved senteret.

Lærdal: – Det er for gale at eg alltid må snakka om toalett. Men det blir for lite prioritert, seier dagleg leiar Tanna Gjeraker ved besøkssenteret på Borgund.

Ho fortel at dei får «enorme mengder» dotrengde innom, noko som øydelegg for opplevinga til dei øvrige gjestene.

Besøkstalet til stavkyrkja har auka med ti prosent kvart år dei siste åra. I fjor var det 45.000 betalande gjester, i år er det venta enno fleire. Kongevegen, som går rett forbi, er nyrestaurert og i vinden som aldri før.

– Då seier det seg sjølv at me ikkje har kapasitet til folk som berre kjem for å bruka toaletta våre, seier Gjeraker.

Spår kaos ved stavkyrkja

Dei har difor bestemt seg for å stenga besøkssenteret for andre enn dei som kjøper billett. Noka reserveløysing for alle dei som vil trenga å letta på trykket finst ikkje.

Den daglege leiaren spår kaos ved stavkyrkja dersom kommunen ikkje får opp nye toalett før sesongstarten i midten av april.

– Eg krev ikkje mykje, men dette må på plass, seier Gjeraker.

Saman med reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord har ho sendt eit brev til kommunen om problemet. Viss målet er framleis auke i reiselivet, må fasilitetane rundt attraksjonane henga med i utviklinga, argumenterer dei:

INNSTILT PÅ LØYSING: Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal, her på besøk på Lærdalsøyri skule. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Ordføraren: – Må ha ei løysing på plass

– No ser det ut til at det skjer noko, for me har fått ein avtale med kommunen om ei synfaring, seier Gjeraker.

Kva toalettløysingar dei skal gå for vil vera eitt av temaa, i tillegg til plassering. Truleg blir det rimeleg enkle saker i første omgang, med tanke på den korte tida kommunen har til rådvelde.

– Det er ikkje noko alternativ, det må komma på plass før sesongstart hos oss. Ellers blir det kaos, seier Gjeraker.

Ordførar Jan Geir Solheim seier kommunen er veldig innstilt på å finna ei løysing og at dei er i gang med planlegging. Blant anna samarbeider dei med Vang om betre fasilitetar langs Kongevegen, der toalett er eitt av momenta som inngår i prosjektet.

– Dette blir nok ein debatt i formannsskapet i dag, men eg meiner me må prioritera i begge endane av Vindhellavegen. Då har du stavkyrkja i den eine enden og Rimskjold i den andre. Dei to plassane må me ha ei løysing på plass innan første mai. Det er det me jobbar etter, seier Solheim

Til toppen