SLUTTAR: Jannet Aksnes har vore dagleg leiar for hotellet på Vatnahalsen sidan 1998. I fjor teikna ho planane som skal ta destinasjonen eit steg vidare. No gir ho frå seg stafettpinnen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SLUTTAR: Jannet Aksnes har vore dagleg leiar for hotellet på Vatnahalsen sidan 1998. I fjor teikna ho planane som skal ta destinasjonen eit steg vidare. No gir ho frå seg stafettpinnen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho gir seg frå seg nøklane etter tjue år på høgfjellet: – Som å flytta ut av ein heim

Jannet Aksnes sluttar som dagleg leiar for Vatnahalsen høyfjellshotell i slutten av oktober.

Aurland: – Det blir som å flytta ut av ein heim. Det kjem sikkert sorg med det òg, men akkurat no kjennest det riktig, seier Aksnes.

Vatnahalsen er eit høgfjellshotell bygd 820 meter over havet i 1896, og er siste stogg før endestasjonen til Flåmsbana. I dag har det 75 senger fordelte på 40 rom. Her tok 25 år gamle Jannet Aksnes over drifta i 1998.

– Tjue år i fjellet var nok, seier ho.

SPEKTAKULÆRT: Vatnahalsen er omgitt av natur til alle kantar. Flåmsbana går rett forbi. Arkivfoto

Gir seg midt i brygginga av store planar

Ho skulle eigentleg gje seg etter fjorårets sesong, men valde å ta eit år ekstra då det kom inn ei ny eigargruppe med økonomiske musklar til å satsa.

– Det er sjølvsagt synd å gje seg no når det skjer masse spanande, men det er ei tid for alt. Eg har lyst til å gjera andre ting. Kanskje dei treng eit nytt friskt pust, seier Aksnes.

Då me besøkte ho sist, teikna ho opp store planar, om ein undergang under togskinnene, om tre utsiktspunkt kopla saman med hengebruer, om eit nytt bygg på stasjonssida med plass til litt over 523 menneske.

Planane er i høgste grad i live, og Aksnes håpar dei kan fortelja meir om ikkje altfor lenge.

– Kombinasjonen med planane rundt Vatnahalsen og zip-line trur eg blir veldig bra, seier ho og siktar til den 1300 meter lange attraksjonen som opnar i august.

NYTT KONSEPT: Dei siste åra har Vatnahalsen satsa på «ski and train», ei pakkeløysing for toppturturistar der Flåmsbana er skiheis. Foto: Petter Andresen

Feirar jubileum med vaflar

Siste arbeidsdagen hennar vert 30. november. Ein dryg månad før har ho tenkt å feira tjueårsjubileet med avslutningsvaflar. Kvart år steiker nemleg vertskapet titusenvis av vaflar til dei mange gjestene som kjem innom frå Flåmsbana, dei fleste cruiseturistar.

– Det blir tidenes vaffelfest, spår Aksnes.

Kva ho skal ta seg til med når nøklane er overlevert til nestemann, veit ho ikkje enno.

– Flåm er kjempespanande, det er masse spanande som skjer innan reiselivet. Eg blir nok i Sogn og Fjordane i allefall. Så får me sjå, seier Aksnes. 

Den ideelle arvtakaren ser ho for seg er ei dame med bein i nasa, som brenn for plassar som Vatnahalsen og for at gjestane skal ha det bra:

– No får eg tid til å gå på turar

– Vertskapsrolla er veldig viktig for slike plassar. Du må kunne hiva deg rundt i alle slags situasjonar, og kunne stå i ein storm, seier ho.

Dei beste minna hennar frå tida i høgfjellet handlar alle saman om menneske, anten det er hyttefolket som kjem på besøk for å skravla, arbeidskarane på jarnbana, eller engelskmannen som kjem hit fast tre gongar i året.

– Eg er oppvaksen der oppe, og har barndomsheimen nærast vegg i vegg med hotellet. Eg kjem til å ha tilknyting til plassen for resten av livet. Forskjellen er at no får eg tid til å gå på turar, seier Aksnes.

Til toppen