INVESTERING: Hydro har beslutta 'å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal. Foto: Norsk Hydro.
INVESTERING: Hydro har beslutta 'å investere i ny likerettar for å sikre straumforsyninga til aluminiumsverket i Årdal. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Norsk Hydro)

Ho gjekk 129 millionar i pluss – men råstoffmangel utfordrar dei norske verka 

Aluminiumsproduksjon i Årdal er framleis god butikk for Hydro. Men Brasil-krisa kan få følge på sikt, går det fram av ei pressemelding frå Hydro Årdal i dag.

Årdal: Hydro Årdal gjekk med 129 millionar kroner i overskot før rentar og skatt i første kvartal i år. Det er 44 millionar mindre enn førre kvartal, men nok til at fabrikksjefen er nøgd.

– Det har vore eit godt kvartal for metallverket, med stabil drift og særs god produksjon. Me tener på at prisen på aluminium har auka og at kronekursen er svak samanlikna med dollaren. Men har råvarene har blitt dyrare, seier Wenche Eldegard ved Hydro Årdal i ei pressemelding.

Sjølv om verket altså går så det grin, gir det siste punktet grunn til uro.

Pressa på råstoff

I Brasil gav myndigheitene i februar ordre om å stenga ned deler av produksjonen ved Hydro-eigde Alunorte, det største anlegget for produksjon av alumina i verda. Årsaka var uro rundt utslepp.

Det har bidrege til at prisane på både det avgjerande råstoffet alumina og aluminium auka kraftig i første kvartal.

Dette kan kan skapa utfordringar på sikt for dei norske verka, skriv Hydro i pressemeldinga.

– Tilgangen på alumina er avgrensa i marknaden. Hydro jobbar for å sikra aluminalaster i den opne marknaden slik at me ikke risikerer produksjonskutt ved dei norske verka, seier Eldegard.

Produksjonsrekord

Når det gjeld karbonfabrikken på Årdalstangen og PFA-støyperiet i Øvre Årdal, sette begge produksjonsrekord i første kvartal. Samstundes har dei starta å gjera forbetringar som vil auka produksjonen av anodar og flytande metall ytterlegare.

Dei har allereie bygd om ein av omnane i karbonfabrikken, og skal bygga om enno ein til hausten. Samla vil desse prosjekta gje 30.000 tonn i auka anodeproduksjon.

I elektrolysen har dei starta første del av eit straumoppkøyringsprosjekt, som òg skal gje auka produksjon.

– Dette er særs viktig for utviklinga av potensialet til verket, seier Eldegard.

Ho legg til at dei i tillegg òg jobbar med ny teknologi og har fleire automatiseringsprosjekt gåande. Nyleg gjekk dei til innkjøp av elektriske truckar, for å sleppa eksosutslepp. Dei vil òg vurdera utsleppsfrie alternativ for andre grupper køyretøy på verket.

Til toppen