I SKÅRINGSFORM: Miriam Mjåseth skåra det første målet i 2-0 sigeren.
I SKÅRINGSFORM: Miriam Mjåseth skåra det første målet i 2-0 sigeren.

Ho greier ikkje slutte å skåre – Kaupanger tok tabelltoppen

Superspiss Miriam Mjåseth skåra sitt femte mål på fire kampar i ein slitesiger mot Førde på heimebane.

Kaupanger-Førde: 0-0

Det var duka for fylkesduell då Kaupanger tok imot divisjonskollega Førde på heimebane. Utfordrarane frå Sunnfjord greidde lenge å halde følge, men det var absolutt fortent då toppskårar Miriam Mjåseth sende Kaupanger i føringa ti minutt ut i andre omgang.

Skåringa var hennar femte på fire kampar til no i serien.

Like før slutt dobla Birte Øvsthus leiinga og sørga for 2-0 siger til Kaupanger. Dei toppar dermed serien med til poeng, rett nok med èin kamp til gode på dei næraste utfordrarane.

 

Til toppen