NYTT TILBOD: Med fotball på TV-en og nye aktivitetar i hus, håpar Anniken Teigen og Tya Bar at fleire vil ta turen ut på byen – også elles i veka.
NYTT TILBOD: Med fotball på TV-en og nye aktivitetar i hus, håpar Anniken Teigen og Tya Bar at fleire vil ta turen ut på byen – også elles i veka. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Ho håpar å lokke fleire ut på baren med nytt tilbod

No kan du sjå fotball eller ta ein runde shuffleboard når du skal ut og nyte det lokale ølet.

Øvre Årdal: Tya Bar satsar og ønskjer å dra fleire ut – også på kvardagen. Etter nokre hektiske veker kan Anniken Teigen, som jobbar i baren, stolt syne fram dei nye tilboda ho og baren har til bygdefolket.

– Det var Arnt Erik Henjum og Tom Hellebø som var pådrivarar for dette. Dei la ideane fram til Erling Eggum, som sa ja, og plutseleg er alt på plass, smiler ho.

Etter at Eggum kjøpte opp Tya-konseptet i vinter, har det vore store forandringar. Bakeri- og kafédelen er flytta bort på Årdalsenteret, medan baren vart igjen. Der har ein fått 30 nye sitjeplassar i første etasje, og i andre etasje finn ein no eit aldri så lite mekka for fotballfans, men også andre som ønskjer å finne på noko meir enn berre å drikka det lokale ølet.

Vil nå nye målgrupper

Store TV-skjermar, nye møblar, dartskiver og to shuffleboards er kome på plass.

– Responsen har vore veldig bra, både på nett og dei eg snakkar med. Mange seier dette er noko Årdal har trengt. For vår del ønskjer me å få fleire ut på kvardagane. Me vil ikkje at folk berre skal tenkja på Tya Bar som ein plass å reise ut på i helgene, men at ein kan bruka det elles også, seier Teigen.

Aktivitetar

Med dei nye tilboda håpar dei å trekkje ut ei større målgruppe enn berre dei som tar seg ein fest i helgene. 

Då spelar fotballen ei viktig rolle. Som Teigen sjølv seier, «Årdal er lik fotball». Det at ein då kan sjå kampen med favorittlaget her, anten det er i helga eller midt i veka, er noko ho håpar fansen vil nytte seg av.

– Og så kan ein kombinera det med andre ting, som å spela shuffleboard. Det er jo blitt veldig trendy i alle storbyane. Eg har testa det litt og blitt heilt avhengig. Me har også fått dartskive, då me veit det er mange som likar å spela dart i bygda.

Til toppen