HÅPAR PÅ RUSH: Arrangementsansvarleg Karoline Eggum Lerum i Sogndal Kulturhus håpar fleire får opp augene for morgondagens konsert.
HÅPAR PÅ RUSH: Arrangementsansvarleg Karoline Eggum Lerum i Sogndal Kulturhus håpar fleire får opp augene for morgondagens konsert.

Ho håpar det blir fleire i salen enn på scena under klassisk dataspelkonsert

Konserten SCORE appelerer til både unge dataspelentusiastar og klassisk musikk-elskarar, men før opningsførestillinga har det ikkje vore den heilt store responsen. Arrangørane håpar sogndølene vaknar.

Sogndal: Fredag kjem Opera Nordfjord til Sogndal for å halda konsert med eit stort orkester og eit enno større kor på scena. Til saman blir det over hundre aktørar på scena, men dagen før det brakar laus har arrangørane selt knappe åtti billettar.

– Det er plass til fleire, seier Karoline Eggum Lerum, marknad- og arrangementsansvarleg i Sogndal Kulturhus.

Spelmusikk i klassisk drakt

UNGDOMMELEG: Dataspelmusikk i klassisk symfonidrakt er konseptet for konserten SCORE:

Konserten i Sogndal er den første av tre på turnèen, Nordfjordeid og Ålesund er dei to andre stoppa. Konseptet kjem frå Sverige, og går ut på å framføra kjent musikk frå dataspel på ein heilt ny måte. På spelelista finn me utdrag frå klassikarar som Final Fantasy, Assassin’s Creed, Battlefield, The Last of Us, Bloodborne og Journey, for å nemne nokre.

I utgangspunktet er ungdommen ei vanskeleg målgruppe å nå ut til, men Eggum Lerum trur konserten har potensiale til å fenga langt fleire.

– Både dei som vil kjenna att dei ikonske låtane frå dataspela sine og dei som er interesserte i klassisk musikk, vil ha glede av dette. Så me håpar at foreldre og besteforeldre dreg med seg ungdomen, for det er vanskeleg å få dei til å gå av seg sjølv, seier ho.

Håpar fleire melder seg i siste liten

Spelentusiast og rockar, Orvar Säfström, er konferansier, Michael Pavelich er dirigent og Sabina Zwaiacker er solist. Med seg får dei som sagt eit fyldig orkester og eit operakor.

Håpet er at billettsalet vil ta seg opp i innspurten, men arrangementssjefen håpar likevel dei som møter får ei flott konsertoppleving.

– Det er litt kjekkare viss det er fleire folk i salen. Det handlar om å visa engasjement, når dei kjem heilt frå Eid med så mykje folk. Då bør me òg gjera det, seier Eggum Lerum.

Til toppen