UROA: Avdelingsdirektør ved Heibergske Samlinger på Kaupanger, Aud Ross Solberg, seier det vil få konsekvensar viss ikkje kommunane blir einige om å ta støyten når fylkeskommunen kuttar i støtta til musea. Foto: Halvor Farsund Storvik/Sogn Folkemuseum.
UROA: Avdelingsdirektør ved Heibergske Samlinger på Kaupanger, Aud Ross Solberg, seier det vil få konsekvensar viss ikkje kommunane blir einige om å ta støyten når fylkeskommunen kuttar i støtta til musea. Foto: Halvor Farsund Storvik/Sogn Folkemuseum.

Ho håpar kommunane opnar lommeboka for musea​

Kutt i fylkeskommunen tvingar fram ny driftsavtale med musea. Men først må tjueseks kommunar bli einige. 

Sogndal: Samla kuttar fylkeskommunen 2,6 millionar kroner i årlege tilskot til musea. Det første kuttet skjedde i 2015, det neste kjem neste år. 

– Resultatet er at vi får mindre å rutte med. Dersom ikkje kommunane kompenserer så kan vi risikere å få mindre frå staten òg. Då vil det kunne gå ut over vår virksomheit og det tilbodet vi kan gje, seier Aud Ross Solberg, avdelingsdirektør ved Heibergske Samlinger på Kaupanger.

Les også: Lokalpolitikarane skuffa over kutt i museumstilskot

Kommunane må ta støyten

Nettopp difor skal ein ny driftsavtale med musea opp til handsaming i alle kommunane i fylket.

Her er det føreslått å fordele dei ekstra utgiftene på fellesskapet, men dei folkerike kommunane og dei som er vertskap for eit museum skal betale mest.  

Ein slik avtale inneber òg at kommunar som tidlegare har slept unna, som Høyanger, no må byrje å betale.

– Eg håpar indarleg at kommunane tek det ansvaret, seier Solberg.

Gjer ein viktig jobb

Til no i år har museet på Kaupanger hatt 15 500 besøkande. Det er ein auke på nærare 3000 frå i fjor. Solberg forklarer det med ei medviten satsing på turistar og grupper.

– Det har me fått resultat av no, pluss at det generelt er mykje fleire folk på besøk i distriktet, seier ho.

Avdelingsdirektøren meiner musea gjør ein viktig jobb, både for fylket og kommunane. I deira tilfelle handlar det om å ta vare på og formidle kulturarven til sogningane.

– Me blir ei felles hukommelse om vår felles fortid. I tillegg er vi ein attraksjon for tilreisande og ein viktig del av reiselivet, og vi er viktige rådgjevarar når det gjeld å ta vare på gamle hus og gjenstandar, seier ho.

– Viss det blir nedskjeringar, så vil det gå utover tilbodet.

Til toppen