Årdal/Naustdal: – Eg vil prøva meg på tredjeplassen til neste år, seier Hatlenes til Porten.no etter at ho var ferdig med konkurransen.
Det var ikkje sjølvsagt at årdølen kom til å vera med på NM i vektløfting. Ho dreiv med crossfit i fire år. Då ho var i Bergen rundt nyttår meldte ho seg på eit tilfeldig stemne. Her kvalifiserte ho seg til vestlandsmesterskapet og norgesmesterskapet.
– Eg har ikkje drive med dette så lenge og det er eigentleg heilt tilfeldig at eg endte her, seier Hatlenes.
Har slite med skader
Hatlenes hadde ikkje noko spesielt mål ved å vera med, men etter ein lengre skadeperiode hadde ho lyst til å sjå kva ho klarte.
– Eg har hatt litt diverse skader i skulder, handledd og kne, seier Hatlenes.
– Det var interessant å sjå kva kroppen hadde å by på etter ein lang skadeperiode. Eg prøvde å komma så nære min personlege rekord på 71 og 85 kilo som mogleg. Det klarte eg ganske godt.
Sjølv om ho berre har halde på med vektløfting i eitt år, har ho eit tøft treningsopplegg. Før konkurransen endra ho på opplegget slik at kroppen skulle vera best mogleg førebudd.
– Ei veke i forkant av konkurransar har eg lettare trening og prøver å gi kroppen mest mogleg restitusjon. Eg visualiserer òg vekta eg har lyst å ta, seier Hatlenes.
Satsar på pallen
I tillegg til å drive med vektløfting er Hatlenes student. Framover har ho ingen store konkurransar på kalendaren, men det blir kanskje nokre lokale stemne.
– Eg har akseptert at eg ikkje får tid til å trena like mykje som dei som ligg på første til tredjeplass. Dei kan trene fire gongar meir enn meg i veka. Eg ser for meg at eg kan bli ein del sterkare uansett om eg får trent 5 eller 9 gongar i veka, seier Hatlenes.
Det store målet vidare er å komme på pallen under neste NM i vektløfting.
– Eg føler eg har meir inne og er spent på kva eg kan med ein skadefri kropp, seier ho.