VIKTIG Å HA TILBOD Å KOMA TIL: – Når du vert 85-90 år so har du lett for å isolera deg om du ikkje har eit nettverk å spela på. Og då er det greitt å ha eit slikt tilbod som dette, seier mosjonleiar Kristin Moen (i midten).
VIKTIG Å HA TILBOD Å KOMA TIL: – Når du vert 85-90 år so har du lett for å isolera deg om du ikkje har eit nettverk å spela på. Og då er det greitt å ha eit slikt tilbod som dette, seier mosjonleiar Kristin Moen (i midten). (Foto: Snorre Sandemose)

Ho har drive eldretrimmen so lenge at ho kan ikkje hugsa når det starta

Kristin Moen har vore primus trimmotor i Årdal i ei årrekkje. Ho har vurdert å trappa ned, men vil ikkje gjera det før nokon andre kan ta over stafettpinnen.

Årdal: Helga Hestetun er ein av dei 15-16 kvinnene som møter opp fast kvar veke for å ta del i eldretrimmen i Øvre Årdal.

– Kristin held oss i form, og det er med so glade for. Om du stivnar til og vert sitjande heime, so er det ikkje bra, seier Hestetun.

Ho gjer det ho kan for å sjølv halda seg i form, men eldretrimmen har blitt viktigare og viktigare.

VIKTIG MED TRIM: – Eg er slik skrudd saman at eg må ha aktivitet. Og eg elskar å røra på meg, seier Helga Hestetun (t.v). Attmed henne sit Solveig Karlsen (91), den eldste i eldretrimmen. Bilde: Snorre Sandemose

– Eg har gått i fjellet i alle dei år. Men alt har si tid. Etter kvart er det fleire og fleire ting ein må seia nei takk til her i livet, seier ho.

Har vurdert å gje seg

Heilt sidan 1982 har Kristin Moen vore trimleiar mest kvar bidige veke, men på 1980-talet var det arbeidarar på Hydro ho heldt i form.

Kor lenge ho har drive eldretrimmen kan ho ikkje hugsa. Ho trur det er snakk om ti-femten år.

– Eg har vurdert å gje meg snart. Men om eg sluttar, so er det ingen som står og kan overta. Det er det som held meg i gong, seier Moen.

Ho hadde trimmen på Årdalstangen òg før, men der slutta ho i fjor.

– Dei har fått to nye instruktørar, to ganske unge, flinke damer, seier Moen.

FLEIRE KUNNE KOME: Det er femten-seksten kvinner som plar møta opp på eldretrimmen, og trimleiar Kristian Moen tykkjer fleire burde møta opp. Foto:Snorre Sandemose

Kjensla av tilhøyrsle er viktig

Ho trur det sosiale er ein ekstra motivasjon for mange til å møta opp.

– Berre det at du har tilhøyrsle til andre er viktig, seier Moen.

Nyleg rekrutterte gruppa to nye trimmarar. Moen tykkjer fleire av dei eldre i bygda burde koma seg ut av godstolen.

IDRETTSGLADE: Kristin Moen og Helge Moen, som har vore gifte i seksti år, har båe vore engasjerte i idrett og mosjon heile livet. Bilde:Snorre Sandemose

– Me er ein fin gjeng. Det var ei her i dag som er eldre enn 90 år gamal. So har me to som er 86 år gamle, men dei fleste er mellom 75 og 85, seier ho.

Eit eldsjel-ektepar

I si tid var det mannen hennar, Helge Moen, som var med på å skapa eldresenteret i Øvre Årdal. Han leia det òg i ei årrekkje.

Likevel tek han ikkje del i eldretrimmen, bortsett frå å hjelpa til å rydda opp i rommet etter kvar treningsøkt. Den tidlegare idrettsmannen held seg heller i form på eitt av treningssentera i bygda, der han har eigne program han fylgjer.

– Han er vaktmeisteren vår. Han ser til at me har nykel og at rommet er ledig, seier kona, som legg til at ho «er fantastisk glad» for å få vera i kulturhuset, og for at det er ledig rom her kvar onsdag.

Andre menn i bygda er ikkje lettare å lokka med. Anten så gjer dei som Helge Moen og trimmar andre stader, eller so føretrekkjer dei å kvila seg i form. Helga Hestetun seier det får berre vera.

VARIASJON: Det er ein variert trim, og dei tek mest heile salen i bruk under økta. Foto:  Snorre Sandemose

– Nei, dei blæs me i. Dei vil ikkje vera med på noko slag, så dei får berre sitja der dei sit. Ikkje vil dei vera med på teater eller noko som helst anna heller, seier ho med eit glimt i auget.

Til toppen