Årdal: – Eg synst det er kjempespennande, seier Gunn Lerøy, som det neste året skal vera leia eit prosjekt med mål om å utvida samarbeidet mellom dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.
Intensjonsavtalen vart signert i februar, Lerøy tek til i stillinga i midten av juni.
Flyttar heimatt
At kommunar samarbeider er ikkje noko nytt, men har blitt enno meir aktuelt med kommunereforma, meiner Lerøy.
– For dei som står åleine, så er det ekstra viktig å samarbeida på tvers av kommunegrensene. Ikkje berre for å spara pengar, men òg for å sikra kvaliteten og for å bevara dei oppgåvene ein har i kommunane, seier ho.
Lerøy jobba 12 år i Årdal kommune fram til 2004, då gjekk over til KS og jobba der i fem år. Ho var mottaksleiar for Hero i Årdal, før ho i 2016 flytta til Stockholm for å jobba med mottaka der.
– Det er litt det same mønsteret både i Sverige og Norge. Flyktningestraumen har minska kraftig og behovet for mottak er no minimalt. Det er nesten ein heil bransje som har blitt avvikla, eller i det minste kraftig redusert, seier Lerøy.
Har bakgrunnen som skal til
Slik sett passa det bra med ein retur til heimkommunen.
– Eg er fødd og oppvaksen i Årdal, og har framleis familien der, seier Lerøy.
Ikkje berre var ho erfaring frå interkommunalt samarbeidet gjennom den tidlegare jobben i Årdal kommune. Røneid har òg ein mastergrad som handla om utfordringar ein kan støta på når det skjer endringar i kommunal sektor.
– Det er på ein måte mitt spesialfelt, seier Lerøy.
Ho har tru på at dei tre kommunane skal greia å utvida eit allereie godt samarbeid.
– Det har dei lange tradisjonar for, seier ho.