ANSVAR: Sofie Moen har fått ansvaret for å arrangere eit stort turnstevne i Årdal i april, der det er forventa 7-800 gymnastar deltar. Det er Jotun som arrangerer stevnet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ANSVAR: Sofie Moen har fått ansvaret for å arrangere eit stort turnstevne i Årdal i april, der det er forventa 7-800 gymnastar deltar. Det er Jotun som arrangerer stevnet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho har fått ansvaret for stort turnstevne

I april aukar innbyggjartalet i Årdal med snaut 1000 menneske i to dagar.

Årdal: Då skal Jotun arrangere turnstevne i Årdalshallen, og personen som har fått ansvaret for det heile er Sofie Moen, som vart kontakta i haust om ho ville ta på seg jobben.

– Eg tenkte først «wow, stolar dei på at eg skal klare dette», men eg likar godt å drive med turn, og så er det ein bra trenargjeng med masse motiverte foreldre, så dette går bra, seier ho.

Det er i midten av april at turnstevnet vert arrangert, og den helga er det forventa at det kjem rundt 1000 menneske til Årdal, der 7-800 av desse er gymnastar. 

Ein idrett i vekst

Stevnet vert arrangert kvart år og går på rundgang mellom klubbane i Sogn og Fjordane som har kapasitet til det. Sist Jotun arrangerte liknande var i 2006, men då var det langt færre deltakarar.

Artikkelen held fram under biletet.

VEKST: Turn er ein idrett i vekst i Årdal, og på dei to siste åra har talet på utøvarar meir enn dobla seg. Biletet er frå juleframsyninga før nyttår.
VEKST: Turn er ein idrett i vekst i Årdal, og på dei to siste åra har talet på utøvarar meir enn dobla seg. Biletet er frå juleframsyninga før nyttår.

– Turn er ein idrett i vekst, og dei siste par åra har me fått mange fleira som driv med turn. Etter at me starta ei storsatsing på utdanning av trenarar i 2013, har me auka frå 45 til 105 gumnastar, smiler Moen.

Les også: Luftig juleavslutning

– Kva som er årsaka til det er eg litt usikker på, men ungane synest det er kult å klara triks og ser veldig opp til dei som er flinke. Og så er det litt i trendy med Instagram, der dei legg ut triks.

Ho legg også vekt på at turntrening dannar eit svært godt grunnlag for all type idrett, og at det difor er ein god idrett å driva med i tillegg til anna.

– Det er noko me prøver å framheva, og me ønskjer helst at ungane skal starta allereie når dei går i barnehagen.

Stor framgang

Turngruppa i Jotun trenar ofte med fem økter i veka for ulike kull. Dei som trenar mest, trenar tre gonger i veka, og det er konkurransetroppen. Innanfor turn er det tumbling og trampett det går i. 

– Sist dei deltok på KM i fjor tok me tre gull og vann pokal, så det var ein kjempeframgang frå året før der me kom på sisteplass.

Dette kan nok sjåast i samanheng med utdanning av trenarar. Sidan 2013 har dei vakse på begge frontar. 

Artikkelen held fram under videoen.

Under stevnet er det ingen konkurranse, men her handlar det om oppvisning utan nokon øvre eller nedre terskel. Alt frå 6-åringar til 18-åringar skal få sjansen til å vise seg fram og få gode opplevingar, fortel Moen.

Treng folk på dugnad

Men når så mange kjem til Årdal, er ein avhengig av mykje hjelp. Difor håpar leiaren for turnstevnet å vekka dugnadsånda i årdølene og ber om hjelp.

– Me veit at dugnadsånda i Årdal er stor, og me treng hjelp. Det er ikkje snakka om det store, men alt frå baking til rigging eller ei økt i kiosken er til stor hjelp. 

Til toppen