ORSAKING: Tidlegare rektor ved Lærdalsøyri skule har motteke ei orsaking frå kommunen, både for at ho ikkje fekk støtte frå kommunen då ho «stod i krevjande saker» som rektor, og for måten kommuneadministrasjonen har handtert situasjonen på i ettertid. Arkivfoto frå Lærdalsøyri skule.
ORSAKING: Tidlegare rektor ved Lærdalsøyri skule har motteke ei orsaking frå kommunen, både for at ho ikkje fekk støtte frå kommunen då ho «stod i krevjande saker» som rektor, og for måten kommuneadministrasjonen har handtert situasjonen på i ettertid. Arkivfoto frå Lærdalsøyri skule.

Viktige dokument vart brende i varslarsak – no har ho fått orsaking frå kommunen

Rådmannen i Lærdal lyt no dokumentere overfor administrasjonsutvalet at det er utarbeidd rutinar for arkivering ved skulen. 

Lærdal: – Eg er godt nøgd med orsakinga og håpar at alle partar kan leggja dette bak seg og gå vidare, seier tidlegare rektor ved Lærdalsøyri skule, Eva Hage Solstad. 

Tysdag kom ho og Lærdal kommune til forlik i ei konfliktsak som går heilt tilbake til 2012. I juni 2012 sa Solstad opp rektorstillinga ved Lærdalsøyri skule på grunn av uhaldbar arbeidssituasjon. I fjor melde ein varslar ifrå om at Solstad hadde vorte stygt behandla i forkant av oppseiinga.  

 

Konflikten spreidde seg vidare til kommunehuset, då rådmannen vart skulda for å ta parti mot Solstad i saka. Det toppa seg då viktige dokument frå Solstad sin safe vart brende under opprydding av hennar rektorkontor. 

No har saka endeleg fått eit punktum, i form av eit brev frå Lærdal kommune med den enkle overskrifta "Orsaking".

Korkje rådmann i Lærdal, Alf Olsen Jr., eller setjerådmann i saka, Olve Fossedal, kunne gje kommentar til Porten.no, men synte til ordførar Jan Geir Solheim. Solheim har tysdag ikkje vore tilgjengeleg for Porten.no.

Ingen straffereaksjonar

Solstad har lese brevet om og om igjen, og seier at det no gjer veldig godt å til sist ha fått ei orsaking. 

GLAD FOR ORSAKINGA: Eva Hage Solstad er nøgd med orsakingsskrivet frå kommunen, og seier det gjorde godt å få det. Arkivfoto frå Ljøsne skule. 

Dei i kommunen som har brent dei viktige dokumenta, får ikkje straff.

– Det vert ikkje sett i verk reaksjonar overfor nokon av dei involverte i saka om destruering av arkiv med den grunngjevinga som framkjem i pkt. 4.1 og 4.2 i rapporten, skriv rådmannskontoret til Lærdal kommune i eit dokument i dag. 

Med tanke på varselet om ufin behandling av Solstad i 2012, syner no kommunen til at dei har sett i verk arbeidsmiljøtiltak, og at dei seinare vil kartleggja arbeidsmiljøet, for å sjå verknadene av tiltaka.

Samstundes vert det slått fast i skrivet at «rådmannen i Lærdal skal dokumentere overfor administrasjonsutvalet, at det er utarbeidd og implementert rutinar for arkivering ved skulen» 

Fossedal var setterådmann i meklarsaka

Sogn Avis har tidlegare omtalt den infløkte saka. Heile 26 hemmelege dokument har vorte skrivne i samband med handsaminga av konflikten. For å løysa han, og koma fram til eit forlik, har årdalsrådmann Olve Fossedal steppa inn som meklar.

Blant dokumenta han måtte lesa over, er ein rapport frå advokatfirmaet Deloitte, som vart hyra inn av Lærdal kommune. Noko av det Deloitte fann, utanom episoden med brenning av dokument, var det dei skildra som eit dårleg arbeidsmiljø i kommunen, med ulike fraksjonar og alliansar. 

Til toppen