UTSTILLING: Denne veka stiller Rigmor Fjeldstad ut «Lengt» i Øvre Årdal. Fjeldstad har måla kulissane til bandet Blodsmak, som spelar på Målrock fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTSTILLING: Denne veka stiller Rigmor Fjeldstad ut «Lengt» i Øvre Årdal. Fjeldstad har måla kulissane til bandet Blodsmak, som spelar på Målrock fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho har måla kulissane til Blodsmak​

Når Blodsmak står på scena under Målrock, er det med kunst frå Rigmor Fjeldstad som kulissar. 

Årdal: Fjeldstad er frå Årdal, men busett i Oslo, der ho er kunstnar, interiørdesignar og dekoratør med diverse oppdrag i inn- og utland. 

Denne veka stiller ho ut «Lengt» i Øvre Årdal i samband med Målrock-festivalen. Det er ikkje tilfeldig. Utstillinga starta nemleg som ei bestilling frå bandet Blodsmak, som står på scena i Meiriparken fredag.

– Eg fekk dette oppdraget frå Blodsmak. Når eg har måla bilete, eg måla ein del englar, men med musikken til Blodsmak i bakgrunnen kom det ikkje akkurat opp englar, smiler Fjeldstad.

Stort sceneteppe som kuliss

Tungrocken gav snarare inspirasjon til den ville naturen i Sogn med bratte fjell og djupe fjordar. Fjeldstad tenkte på heimbygda si, Årdal.

– Eg tenkte at her må eg lata skje det som skjer medan eg driv på. I måleria kan ein sjå damer som dansar i fossane. Ein sa til meg at det var ein som luska i buskene med briller. Det handlar om å gi det litt tid, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

KULISSAR: Blest opp og sett saman utgjer måleria kulissane til bandet – eit sceneteppe på 12x5 meter. Biletet viser eit aude landskap, og medlemmane i bandet eig kvart sitt måleri.
KULISSAR: Blest opp og sett saman utgjer måleria kulissane til bandet – eit sceneteppe på 12x5 meter. Biletet viser eit aude landskap, og medlemmane i bandet eig kvart sitt måleri.

Bestillingsverket til Blodsmak består i fem måleri. Blest opp og sett saman utgjer desse kulissane til bandet – eit sceneteppe på 12x5 meter. Biletet viser eit aude landskap, og medlemmane i bandet eig kvart sitt måleri.

Fjeldstad målar med fargepigment og ei hemmeleg oppskrift på treplater eller lerret. Dette er ein eigen teknikk ho har utvikla sjølv etter å ha vore i lære hjå ein dansk kunstnar og på inspirasjonsreiser hjå ulike kunstnarar rundt om i verda. Ho målar lag på lag der ho skrapar i malingen for å få fram historia som ligg gøymt.

Spelar på Målrock

I og med at Blodsmak syng på nynorsk, er dei midt i blinken for Målrock. Etter å ha masa og masa på bookingansvarleg, kom dei endeleg med på programmet. Og samstundes stiller altså Fjeldstad ut dei 13 måleria i utstillinga.

– Det er nervepirrande å stille ut kunst i Årdal. Eg har ikkje hatt eiga kunstutstilling på fem år. Eg håpar folk tar turen innom fordi det er spennande med kunst. Dessutan bør årdølene innfinne seg i Meiriparken fredag når Blodsmak står på scena, smiler ho. 

Til toppen