FOTKLINIKK: Den første fotklinikken i Øvre Årdal opna måndag. Amalia Bjørkum Holsæter var klar over at det var eit behov, men hadde aldri trudd at ho kom til bli fullbooka på så kort tid.
FOTKLINIKK: Den første fotklinikken i Øvre Årdal opna måndag. Amalia Bjørkum Holsæter var klar over at det var eit behov, men hadde aldri trudd at ho kom til bli fullbooka på så kort tid. ( Foto: Synne Asheim Haga )

Ho har nettopp starta fotklinikk – allereie fullbooka dei tre neste vekene

Amalia Bjørkum Holsæter ville heim etter utdanninga i Bergen. – Det har ikkje vore noko særleg stor utfordring enno, seier ho om å starta si eiga bedrift.

Årdal: – Det er eit veldig stort behov for det, har eg merka. Det er veldig lange ventelister både her og på Tangen, på fleire månader faktisk, seier Amilie Bjørkum Holsæter.

Måndag opna ho den andre fotklinikken i Årdal og den første i Øvre Årdal. Ho har sjølv vore i praksis ved Indre Sogn fotklinikk på Årdalstangen, medan ho utdanna seg som fotterapeut i Bergen. 

– Det er veldig kjekt å jobba med føter, og eg hadde lyst å starta eiga bedrift. Eg hadde sett at der var eit behov, og då var det berre å satsa, seier Holsæter.

Har fått god opplæring frå Indre Sogn Fotklinikk

Nokre kan tenke at det å starta ei ny bedrift fører med seg mange utfordringar, men for Holsæter har det gått på skinner.

FOTTERAPEUT: Holsæter er fotterapeut og har ei to-årig utdanning frå Bergen. Då ho valde å flytta heim fann ho ut det var best å starte ei eige bedrift. Foto: Synne Asheim Haga

– Eg har hatt det veldig fint til no når eg har klart å fylle listene så fort. Det var svært overraskande. Eg har fått veldig god opplæring av Lene på Indre Sogn fotklinikk og god hjelp av Årdal Utvikling til å starte opp bedrifta, så det har ikkje vore noko særleg stor utfordring enno.

For mange kan det vera enkelt å blanda fotterapeut og fotpleier, men det er ein vesentleg forskjell mellom dei to, fortel Holsæter.

– Fotterapeut er autorisært helsepersonell, og me jobbar for å førebygga og behandla lidingar som er knytt til føtene. Ein fotpleiar jobbar derimot mest med velvære, seier ho.

Skal vera lett tilgjengeleg

Holsæter anbefalar alle å ta ei fotanalyse først.

– Då ser eg på korleis du går og om det er noko du kan endra på med tanke på stilling på føtene. Eg ser også på kva vidarebehandling som eventuelt er lurast. Så er det mykje opplæring i eigenpleie, kva krem folk skal smøra seg med, og kva sko dei skal sjå etter. For det er sko som er det største problemet, det er det som gjer at me får fotproblem.

LOKALET: Holsæter fortell at ho hadde sett på fleire lokale, men at valet til slutt falt på lokalet i same bygg som Årdal gym, rett under legesenteret. Foto: Synne Asheim Haga

For dei som har tenkt å reisa til fotklinikken, var det viktig å ha det på ein lett tilgjengeleg plass og at lokalet hadde det som trengst.

– Det skal vera enkelt å komme til, òg for dei som ikkje kan gå i trapper. Me har vore og sett på mange lokale, men det var dette som falt best i smak.

Lokalet er plassert i første etasjen, inne i bygninga med Årdal gym og rett nedanfor legesenteret i Øvre Årdal.

Til toppen