FORTEL SI HISTORIE: Etter at tre menn blei frifunnen frå gjengvaldtekt av Andrea Voldum frå Lærdal, har 21-åringen gått ut med si historie. Her saman med faren Geir Voldum. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORTEL SI HISTORIE: Etter at tre menn blei frifunnen frå gjengvaldtekt av Andrea Voldum frå Lærdal, har 21-åringen gått ut med si historie. Her saman med faren Geir Voldum. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si

– Det er mange som sender meldingar der dei skriv at eg kanskje er med på å endra rettssystemet i Noreg.

Lærdal: Etter at lagmannsretten frikjente tre menn tiltalt for å ha dopa ned og valdteke Andrea Voldum frå Lærdal, stod ho fram med si historie. Ho meiner mennene er farlege, seier ho i eit intervju med Porten.no. 

Det har vore nokre travle dagar for 21-åringen som sit på verandaen saman med far Geir Voldum i Lærdal. Mange medium har vore innom og vil høyre hennar historie etter at tre menn blei frikjent for gjengvaldtekt sjølv om fleirtalet i lagmannsretten meinte dei var skuldige.

Dommen var klar tilbake i juni, og det var Hallingdølen som omtalte saka først denne veka. 

I kjølvatnet av at Andrea Voldum no har fortalt historia si til mellom anna VG, NRK og Nettavisen, har debatten rasa. «Alle» ser ut til å ha ei meining om saka, frifinninga og om rettssystemet i det heile tatt fungerer som det skal. 

– Eg stiller spørsmål til jury og meddomsrett i så alvorlege saker. Eg meiner det er feil å plukke folk frå gata som ikkje har kompetanse innanfor til dømes valdtekt, seier Voldum og legg til: 

– Dersom eg hadde klart å endre rettssystemet, herregud, kva skal eg seie? Då har ein iallfall gjort noko rett. Det er mange som sender støttemeldingar. Det er eg takknemleg for.

– Ei berg- og dalbane

I litt over to år har livet til Voldum og familien hennar stått stille. Heilt sidan den då 18 år gamle kvinna opplevde marerittet i mars 2014 og fram til i dag har ho ikkje greid å gå på skule eller jobbe. 

På denne tida har ho vore gjennom tre rettssaker. I Hallingdal tingrett blei to av mennene dømt til seks år og seks månader fengsel, medan sistemann vart dømt til seks års fengsel. Denne dommen vart anka. I vinter handsama Borgarting lagmannsrett saka. Juryen ville då frifinne dei tre, men fagdommarane sette saka til side. 

Ankesaka vart dermed sett opp på nytt. Denne gongen som meddomsrett. Det vil seie ei rettsak med tre juridiske dommarar og fire lekdommarar, altså den vanlege mannen i gata.

– Det har vore ei berg- og dalbane. Alt er på vent. Tida går. Ho er ung. Det meste går til helvete, for å seie det rett ut på lærdøl. Du skal kvi deg til ny rettssak, rippe opp att i ting. Det er knallhardt for ein 18-, 19-, 20-åring å oppleve slikt. Eg tykkjer ho har vore knalltøff som ikkje har bukka under, seier far til Andrea, Geir Voldum.

Fleirtalet meinte mennene var skuldige

I meddomsretten fann dei tre fagdommarane og ein av lekdommarane det bevist utover einkvar rimeleg tvil at Voldum var så rusa på alkohol og narkotika at ho ikkje var i stand til å motsette seg dei seksuelle handlingane.

I slike saker er det ikkje nok med fleirtal på fire. Etter som det må vere eit fleirtal på fem, fekk mennene gå fri, men må framleis betale erstatning på 300.000 kroner. Mindretalet, som bestod berre av lekdommarar, meinte det ikkje er bevist at dei tiltalte forstod at Voldum var i ein slik tilstand at ho ikkje kunne motsette seg dei seksuelle handlingane. 

– Viser at systemet lever

Porten.no har ikkje lykkast å kome i kontakt med advokatane til mennene, men til VG seier forsvarar for ein av mennene at han er glad for at hans klient er frifunnen.

– Det er utvilsamt ein riktig dom. Det viser kvifor ein skal dømmast av sine likemenn. Det er tydeleg at lekfolket meinte at dei var uskyldige. Det er ei lette at systemet lever, sjølv om det var på hårsbreidda ved dette høvet, seier Arne Seland.

– Dette viser kor viktig meddommarfunksjonen er, og at det ikkje er «overklasse som skal dømme tiltalte ovanfrå og ned», seier Seland til Dagbladet.

Forsvarar for ein annan av dei tre mennene minner om at det er andre bevis i saka enn dei som er nemnt av Voldum og hennar bistandsadvokat.

– Dei bevisa mindretalet la vekt på, var klare og etter mi meining heilt uforeinlege med at ho skulle vere i ein tilstand som skildra i lova, seier Håkon Engebakken Duesund til VG. 

Dopa ned

Det var 23. mars 2014 Voldum kom i kontakt med dei tre mennene for første gong. Ho var på helgetur i Hemsedal og reiste åleine ut etter å ha fulgt søskenbarnet sitt på jobben. Sidan ho berre var 18 år, kom ho ikkje inn på nokre uteplassar. Etter kvart møtte ho altså ein av dei tre mennene som inviterte ho med på nachspiel. 

Før ho reiste ut hadde ho drukke alkohol. På nachspielet, som føregjekk på ei hytte, vart ho tilbydd dopet MDMA, som ho tok sjølv etter det ho skildrar som «psykisk press». 

– Eg spurte kva det var, men fekk ikkje noko godt svar. Etter kvart fekk eg vite at det var MDMA, som er ein type ecstasy. Dei snakka veldig positivt om tabletten og meinte det var heilt fantastisk. 

Stoffet gjorde at ho mista kontrollen, såg dobbelt og var nummen. Så vart alt svart. Voldum vart frakta vidare med taxi til ei campingvogn. Ein av mennene bar ho til og frå drosja. Drosjesjåføren har forklart i politiavhøyr at ho då «hadde absolutt inga kontakt med livet». 

– Eg mista kontroll over kroppen, var nummen og lamma. Eg følte eg ikkje klarte å gi motstand. Eg har ikkje bevegd meg, men blitt flytta på og båre rundt, seier Voldum om verknadene av stofffet. 

Dødeleg dose

I campingvogna har dei tre mennene erkjent å ha hatt seksuell omgang med henne etter tur. Dei hevdar det var frivillig frå hennar side. 

– Eg har tenkt mykje i ettertid på kvifor dei tok meg med til campingvogna. Når nokon er så sløve som eg var, ville normale folk ha kontakta foreldre eller tatt meg med til legevakt. Ein tar ikkje personen med på eit nytt nachspiel. Dette har eg lurt på lenge, legg ho til. 

Klokka 05.00 om morgonen kom ho til seg sjølv. Mennene hadde tatt bilete av ho, men ville ikkje syne dei til ho då ho spurte om å få sjå. Etter kvart kom ho seg heim og kontakta politiet. Det vart då teke prøvar av blodet hennar som synte at ho må ha fått i seg minst 250 milligram med MDMA. Ho har også fått i seg kokain. 

Overlege Marianne Arnestad ved Folkehelseinstituttet forklarte under rettssaka at mengda MDMA som var funne i blodet hennar var så stor at det kunne ført til alvorleg forgiftning eller død. 

19 andre vitna mot mennene, blant desse fleire som hevdar å ha opplevd liknande historier. Ei av desse fortel at ein av mennene helte eit pulver i drinken hennar då ho var på eit nachspiel. 

Resultatet av hendinga er at 21-åringen har fått lidinga posttraumatisk stressforstyrring, som inneberer ei varig endring av personlegdommen, og som psykologspesialist Grethe Holstad meiner at ein ikkje ville sett i ein slik grad dersom Voldum berre hadde vore med på noko ho angrar på i ettertid. 

Namngav mennene på Facebook

Skuffa og fortvila etter den siste rettssaka gjekk Voldum ut i media med si historie, først gjennom Facebook der ho også namngav dei tre mennene.

– Eg la ved namna deira for å opplyse vener og veners vener. Eg meiner desse er farlege, seier ho.

To av mennene sine forsvarar seier dei no vurdere å gå til sak mot Voldum for krenking av privatlivets fred. Mennene har motteke ei rekkje truslar på SMS og i sosiale medium, skriv NRK. 

– Det er lynsjestemning i samfunnet, og folk truar rett og slett med å skade min klient, som er frifunnen ved to høve i Borgarting lagmannsett, seier Arne Seland, som er ein av forsvararane som ikkje vil gå til sak, til NRK. 

– Me vil anmelde folk som truar. 

Til toppen