HUSET MÅ SIKRAST: Litt av grunnen til at treet laut bort, var frykta for at ein Dagmar-liknande storm skule blåsa det over huset. Lars Arne Nes (t.h.) og Svein Indrebø diskuterer kvar det er best at treet skal landa. Skjult bak treet står Norvald og Gunn Fedje, sistnemnde tek bilete av grana som har stått der trufast i 35 år.
HUSET MÅ SIKRAST: Litt av grunnen til at treet laut bort, var frykta for at ein Dagmar-liknande storm skule blåsa det over huset. Lars Arne Nes (t.h.) og Svein Indrebø diskuterer kvar det er best at treet skal landa. Skjult bak treet står Norvald og Gunn Fedje, sistnemnde tek bilete av grana som har stått der trufast i 35 år. (Bilde: Snorre Sandemose)

Ho har stått imot fluorutslepp og kvasse stormar – no skapar grana julestemning på torget i Øvre Årdal

Og på fredag får nissen sjå treet...

SKAPAR JULESTEMNING: Etter å ha stått i ein hage i Utladalen i all slags vêr og vind i 35 år, skal denne edelgrana no ende sine dagar i samvær med nissen og alle andre som kjemt til torget i Øvre Årdal i advents- og romjolstid.
SKAPAR JULESTEMNING: Etter å ha stått i ein hage i Utladalen i all slags vêr og vind i 35 år, skal denne edelgrana no ende sine dagar i samvær med nissen og alle andre som kjemt til torget i Øvre Årdal i advents- og romjolstid. Bilde:  Snorre Sandemose

Årdal: Då kommunen gjekk ut med utlysing etter kandidatar til årets julegran, kom det til å visa seg at den høgste og flottaste edelgrana i Ekrevegen 1 var ein utifrå god kandidat. No skapar ho julestemning på torget i Øvre Årdal og på fredag får ho tente julelys på seg. 

 – Me ottast at edelgrana vår skulle ramla på huset vårt neste gong det blæs opp, fortel Gunn Fedje. 

Det var dottera som hadde sett utlysinga på nettsidene til kommunen. Då var ikkje Gunn og Norvald Fedje seine med å seia ifrå om at dei ynskte å sjå hagegrana si på juletorget i år.

GODE SKUSSMÅL: «Det er eit av dei høgaste og finaste julegrantrea me har sett», sa båe fagarbeidarane. Grana var so høg at dei valde å gjere ho litt stuttare. 
GODE SKUSSMÅL: «Det er eit av dei høgaste og finaste julegrantrea me har sett», sa båe fagarbeidarane. Grana var so høg at dei valde å gjere ho litt stuttare.  Bilde: Snorre Sandemose

 – Ikkje før me hadde meldt ifrå, so troppa oppsynsmannen frå kommunen opp og såg med eigne augo at treet høvde framifrå, fortel Gunn.

Utfordra fluoren med edelgran

Det er 35 år sidan ekteparet flytte ut til Ekrevegen frå sentrum. Dei planta fleire grantre med det same, og busker. Og trea og buskene vart med tida mykje større enn dei hadde trudd.

 – Før me flytte frametter Utladalen, hadde me prøvd å planta ei edelgran i hagen me hadde då me budde i sentrum, men den grana døydde raskt, seier Gunn.

TIL SUMAREN FÅR DEI MEIR SOL: No ser Norvald og Gunn Fedje ser fram til å få meir sol inn til balkongen sin til sumaren. Her ser dei at krana nærmar seg treet. 
TIL SUMAREN FÅR DEI MEIR SOL: No ser Norvald og Gunn Fedje ser fram til å få meir sol inn til balkongen sin til sumaren. Her ser dei at krana nærmar seg treet.  Bilde:  Snorre Sandemose

Ho fortel om korleis trea i skogane kring Årdal bukka under den gongen, på grunn av fluorutsleppa frå verket. Men ho hadde lese at edelgraner var ganske robuste og vona at trea kunne klara seg, om dei gav det ein sjanse til.

Dei neste trea dei planta, etter at dei hadde flytta, klara seg. Det var dels takka vere at Hydro etter kvart fekk bukt med dei verste fluorutsleppa.

Entusiastisk inspektør frå landbruksskulen på Ås

Mange år tilbake kom det ein kar frå landbrukshøgskulen på Ås på økologisk synfaring til Årdal. Han vart imponert då han fekk sjå den største edelgrana til ekteparet Fedje, den som no står på juletorget:

– Han vart glad då han såg det livfulle og friske treet. Han såg på det som eit teikn på at lufta i Årdal var vorte betre, seier Gunn.

TIL HØGRE STÅR EI ANNA FOR TUR: Edelgrana til høgre litt lenger ned, står også for tur til å bli felt. Gunn og Norvald Fedje vonar ho kan verta julegran på torget til neste år.
TIL HØGRE STÅR EI ANNA FOR TUR: Edelgrana til høgre litt lenger ned, står også for tur til å bli felt. Gunn og Norvald Fedje vonar ho kan verta julegran på torget til neste år. Bilde:  Snore Sandemose

Norvald skyt inn at den naturkunnige karen frå Ås meinte at dei heilt stadlokale naturkreftene hadde spela ei role òg: 

– All vinden som blæs so sterkt frametter dalen fekk fluoren vekk frå treet, meinte han. Og so beit inspektøren seg merke i dei to elvane som stuper ned frå fjellet her oppe. Han sa at når vinden blæs vassdropar derifrå og på treet vårt, so hjelper det med å vaska bort fluoren. 

No ventar nissen på at fire fakkeltog tek seg frå alle himmelretningar og ned til det friske og staute treet på torget i Øvre Årdal på fredag. Etter at grana har vorte kveikt i femtida, kjem han for å ta del i adventstunda. Han plar gje noko godt til dei minste.

Til toppen