– SPENNANDE: Ingunn Weka frå Fortun, busett i Sogndal (innfelt), ser fram til å starta som dagleg leiar ved Turtagrø hotell frå hausten av. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Privat
– SPENNANDE: Ingunn Weka frå Fortun, busett i Sogndal (innfelt), ser fram til å starta som dagleg leiar ved Turtagrø hotell frå hausten av. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Privat (Bilde: Ole Ramshus Sælthun/privat)

Ho jobba første gong på Turtagrø i 1998 – no blir ho dagleg leiar

Frå 1. oktober av får det ærverdige fjellhotellet ny styrar, og då er det ei lokal dame som tek over roret.

Luster: – Eg har tenkt på det i mange år at ingen stunder har eg har vore så lukkeleg som på Turtagrø. Så når sjansen baud seg tenkte eg at eg ville opp på fjellet og inn i atmosfæren på Turtagrø att, seier Ingunn Weka.

Ho kjem frå Fortun, og er så lokal som det går an å bli. Hennar første møte med Turtagrø i jobbsamanheng var i 1998, då som kjøkensjef. Sidan har det ærverdige fjellhotellet ved foten av Hurrungane ligge hjarta hennar nær.

Dei siste åra, sidan 2010, har Weka vore avdelingsleiar ved Sogndal vidaregåande skule. Men då det vart klart at Laila Hjellvoll, som har vore dagleg leiar ved hotellet i ei årrekkje, ville gje seg, var ho ikkje i tvil.

– Det blir så klart voldsamt spennande; eg har aldri hatt akkurat denne typen jobb før, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

JOTUNHEIMEN: Turtagrø hotell ligg ved foten av Hurrungane i Jotunheimen, eit område Weka er godt kjend i. Privat foto
JOTUNHEIMEN: Turtagrø hotell ligg ved foten av Hurrungane i Jotunheimen, eit område Weka er godt kjend i. Privat foto

Vil satsa på meir aktivitet midt i veka og lengre sesong

Turtagrø hotell vart bygd i 1888 og har husa mange av dei kjende pionerane innan klatresport; Emmanuel Mohn, Thomas Heftye, Carl Hall og sjølvsagt sjølvaste William Cecil Slingsby.

I 2001 brann hotellet ned, men dåverande eigar, Ole Berge Drægni bygde oppatt hotellet slik det er i dag.

– Eg har tenkt å driva hotellet vidare i tråd med det Turtagrø står for, seier Weka.

Men ho har også nokre tankar om spesielle satsingsområder

– Hotellet per no har veldig bra belegg i helgene, men ikkje så mykje gjester midt i vekene. Så å få til meir då; konferansar og andre aktivitetar, tenkjer eg er noko å satsa på. Me vil og forlenga sesongen, så neste år når me opnar til påske vil me halda ope til ut september. Då blir det også meir stabilitet for dei tilsette.

– Kva trur du det betyr at ein lokal no tek over?

– Eg håpar at me kan få meir bygdefolk opp; at dei føler det er triveleg på hotellet. Og eg vil prøva å få til sammarbeid med det lokale næringslivet så dette segmentet kan nytta seg meir av hotellet enn slik det er no. Elles tenkjer eg det blir veldig viktig å bruka vinteren aktivt til å promotera.

Kjem til å bu halve året på Turtagrø

Det blir også ein ny kvardag for Weka i sesongen frå påske til ut september; då blir ho sjølvsagt buande på Turtagrø meir eller mindre heile tida – på hytta Fredheim slik styrarane før henne har gjort.

Ho vil også slå eit slag for turane som ikkje nødvendigvis går til dei høgaste tindane.

– Det er ei stund sidan eg sjølv har drive med tindebestigning, men eg går masse på tur; då i noko lægre terreng. Og det trur eg me må prøva å få fram, for det finst utruleg mange fine turar i dalane og lågare i landet som passar godt i mellomsesongen – når det er for lite snø til å gå på ski på toppane, men for mykje snø til å gå på beina.

Bente Hybertsen, styreleiar for Turtagrø hotell AS, er svært nøgd med å få Weka som dagleg leiar.

– Ho er lokal og kjenner hotellet godt ettersom ho har jobba der i mange år. Så dette trur me blir veldig bra.

Til toppen